Hopp til innhold

Ventelisterotet kan auke i omfang

Heilt sidan 2009 har pasientar ved Nordfjord sjukehus blitt sett opp på feil ventelister.

Nordfjord sjukehus

SJÅ: Helse Førde må gjere nye vurderingar av kring 200 pasientar som kan ha fått for sein behandling.

Dermed kan langt fleire enn dei 200 pasientane som no må vurerast på nytt , ha stått på ventelister som har gitt dei for sein behandling.

I helga og natt til måndag sat leiinga i Helse Førde i krisemøte om ventelisteskandalen .

Fått sein behandling

Det kom som lyn frå klår himmel då Helse Førde i førre veke orienterte om at dei må gå igjennom sjukdomshistoriene til 200 pasientar med alvorleg symptom på nytt.

Pasientane skal vere tilvist til sjukehuset frå almennlegane dei siste månadane.

No viser det seg at langt fleire kan ha hamna i køen for uprioriterte pasientar, og dermed blitt behandla på eit seinare stadium enn regelverket krev.

Fekk ikkje opplæring

I juni 2009 innførde Helsedirektoratet nye og strengare retningsliner for tilvising av pasientar. Desse er aldri blitt tekne i bruk ved medisinsk avdeling på Nordfjordeid.

Henrik Berg

GJORT MEIR: - Vi kunne fått meir opplæring, og kunne nok sjølve vore meir aktive, seier Henrik Berg om rutinane som ikkje er innført ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dei nye retningslinene gjev klare føringar for korleis pasientar med alvorlege symptom skal tilvisast for vidare behandling.

Mangel på opplæring skal vere ei viktig årsak til at retningslinene ikkje er tekne i bruk, hevdar legar på Nordfjordeid.

– Vurderinga har ikkje vore heilt i tråd med desse svært omfattande nye nasjonale retningslinene. Her må vi ta sjølvkritikk. Vi burde sytt for at vi fekk dette implimentert i drifta vår, seier overlege Henrik Berg.

Vil ikkje kommentere

NRK har snakka med fleire i Helse Førde-systemet som seier at dei ikkje utelukkar at fleire alvorleg sjuke pasientar kan ha blitt behandla på eit seinare stadium enn det nye regelverket krev.

Ingen frå leiinga i Helse Førde ønskjer å kommentere dei nye opplysningane i saka.

Føretaka sitt ansvar

Kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aa, seier det er helseføretaka sitt ansvar å syte for at det nye regelverket fungerer på dei ulike sjukehusa.

Styret i Helse Vest skal i morgon ettermiddag bli orientert om ventelistesaka. Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, har personleg oppdatert seg på saka.

– Det ville vere naturleg at det kjem som ei orienteringssak med administrerande direktør i Helse Vest orienterer styret om status i regionen, seier ho.

Forstår uro

Berg vonar og trur at ingen pasientar har vore skadelidande av manglande innføring av nye rutinar ved Nordfjord sjukehus. Han presiserer at det ikkje har vore uforsvarleg å ikkje implementere det nye regelverket frå Helsedirektoratet.

For hjartespesialisten har det vore tunge dagar sidan saka vart kjend torsdag i førre veke. Berg forstår godt at folk vert uroa, og han forsikrar at han tek dette på største alvor.

– Det er eigentleg slik at saka dreier seg om 200 pasienter som ventar på time hos spesialist her på medisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus. Det er ikkje slik at 200 pasienter flyter kring om utan at nokon har teke ansvar, seier han.