NRK Meny
Normal

759 personar står på venteliste for å få studieplass ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Sogn og Fjordane har nær dobbelt så mange studentar som ønskjer å studere der, som dei har plass til. Dei mest populære faga er sjukepleiarstudiet, eigedomsmekling og idrett.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

POPULÆR: Høgskulen i Sogn og Fjordane er eit populært val blant nye studentar.

Foto: Steinar Lote/NRK

Årsaka til at så mange vil stå på venteliste for å gå på Høgskulen, er at skulen er kjent for eit godt miljø blant studentane og at faga skulen tilbyr har høg kvalitet, ifølgje opptaksleiar veg Høgskulen i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes. Han er glad for dei høge søkjartala.

– Vi har vel 800 studieplassar vi skal fylle opp. Det er positivt å ha mange søkjarar og det hevar også kvaliteten på dei studentane vi får, seier han.

Viktig med mange søkjarar

Arnstein Menes, opptaksleiar Høgskulen i Sogn og Fjordane

SØKJARSTORM: Opptaksleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes, opplever at det er mange som vil studere i fylket.

Foto: Arve Uglum / NRK

Høgskulen har over tid hatt ei auke i søkjartala, og Menes meiner det er knytt til at skulen driv eit godt arbeid på mange felt.

Dei mest populære faga er sjukepleiarstudiet, eigedomsmekling og idrett.

–Vi veit at mange stundetar er interessert i idrett og friluftsliv, og mange vel Sogndal på bakgrunn av det. I tillegg har vi eit godt studentmiljø og gode utdanningsmoglegheiter, seier han.

Mange søkjarar betyr mykje for skulen, hevdar personaldirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Wenche Fjørtoft. Dette fordi kunnskapsdepartementet ønskjer å legge ned studietilbod, som ikkje har godt nok fagleg innehalde eller som har lite studentar.

Dette er spesielt situasjonen der ein har det same tilbodet andre stadar, og med mange studentar viser Høgskulen at dei har det dei treng.

– Oppdraget vårt er utdanning, forsking og formidling. Det må vi greie å tilby og det må gjerast med høg kvalitet. I tillegg må vi vise at vi klare å utdanne mange nok, i forhold til dei krava som departement og styresmaktene set. Det at vi greie å rekruttere og utdanne nok kandidatar er viktig for Høgskulen, seier Fjørtoft.

300 treng bustad

På grunn av det høge søkjartalet i år står det 300 studentar i kø for å få hybel hjå studentsamskipnaden. Det var krise for tre år sidan, då mange ikkje fekk ein stad å bu.

Trass i dette trur Fjørtoft dei fleste skal få ein stad å bu når dei startar i Sogndal eller Førde til hausten.

– Vår erfaring er at sjølv om mange er på venteliste på dette tidspunktet, og gjerne litt under studiestart, så ordnar det seg. Det har ikkje vore noko krise verken i Førde eller Sogndal dei siste to åra og eg trur dette lar seg løyse, fortel Fjørtoft.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser