Hopp til innhold

Venteliste på byggfag

Gode tider i byggjenæringa fører til at elevane strøymer til byggfag. På landsplan er auken i tal søkjarar på heile 20%.

Elevar på byggfag på Øyrane vidaregåande skule
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ved Øyrane Vidaregåande Skule i Førde har dei no venteliste med elevar som vil lære byggfag.

Dette gler avdelingsleiar Atle Helleseth.

- Ja, vi har veldig god søknad til desse klassane våre, i år kunne vi faktisk hatt to klassar meir på grunnkurs og minste ein til på tømrarfag.

- Kva trur du er grunnen til dette?

- Faget i seg sjølv er interessant og det er veldig lett å få seg jobb i byggfag i dag.

- Korleis merkar de her på skulen at det er så stor aktivitet?

- Eg har alt no i dette skuleåret fått fleire telefonar frå privatpersonar som vil at vi skal ta oppdrag for dei.