NRK Meny
Normal

Må avvise søkjarar til «Ferie for alle»

50 personar står på venteliste til arrangementet «Ferie for alle». Dette trass i at Røde Kors har auka kapasiteten for andre året på rad.

42062381

IKKJE ALLE FOR EIT TILBOD: 50 personar står på venteliste for å få vere med på «Ferie for alle», men Røde Kors har ikkje kapasitet til å hjelpe alle.

Foto: Frank May / NTB scanpix

I år deltek 350 personar på sommarleiren «Ferie for alle» i regi av Røde Kors Sogn og Fjordane. Det er 100 fleire enn i fjor, men framleis står 50 på venteliste.

– Det er ikkje hyggeleg å høyre at det er fattigdom i Noreg. Vi ser at det er eit stort behov og ser viktigskapen av å kunne gje eit slikt tilbod, seier leiransvarleg i Røde Kors i Sogn og Fjordane, Lis Maria Munkvold.

Har auka kapasiteten

«Ferie for alle» er eit gratis ferietilbod for familiar som ikkje har råd til eigen ferie. Røde kors i Sogn og Fjordane arrangerer tre leirar i fylket på Haugland, Barmen og i Stryn.

– Det er rundt 80 familiar som skal på leir i år. I fjor dobla vi kapasiteten vår opp til 300, og i år har vi auka med 50 prosent, seier Munkvold.

Organisasjonen har også auka rekrutteringa av frivillige frå 35 til rundt 50 for å gjennomføre tilboda.

Ikkje alle får eit tilbod

For dei 50 som står på venteliste blir det berre moglegheit til å få vere med dersom nokon takkar nei til plassen dei har fått. Munkvold trur det kan vere fleire årsaker til auken i pågang til gratis tilbodet.

– Fleire born kjem frå familiar med vedvarande låg inntekt. Vi har også ein stor del familiar med innvandrarbakgrunn på våre arrangement. Desse har gjerne mindre nettverk enn norske familiar, seier ho.

I tillegg har Røde Kors ein tettare dialog med lokale styresmakter om tilbodet, mellom anna via Fylkesmannen sin konferanse «Sjumilssteget».

Denne veka startar leiren på Haugland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser