Hopp til innhold

Ventar vanskelege forhold på vegane utover dagen

Det kan bli trøbbel på vegane utover ettermiddag og kveld i store delar av landet. Allereie har det skjedd fleire trafikkuhell på glatt veg.

Djupdalen på Romerike

SVÆRT GLATT: Politiet på Romerike åtvarar mot underkjølt regn og svært glatt vegbane. Biletet er frå Djupdalen.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Meteorologane sendte ut OBS-varsel for vanskelege køyreforhold heilt frå Helgeland og Salten i nord, til Agder-fylka . Tysdag har det skjedd fleire trafikkuhell, der politiet opplyser at det har vore glatt vegbane.

Laster Twitter-innhold
  • Ein mann i 60-åra kom frå det utan fysiske skader då han mista kontroll på køyretøyet på E39 i Romarheimsdlane. Det blir meldt om mykje slaps i vegbana.
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Bil gikk rundt på glatten i Romarheimsdalen

PÅ TAKET: Ein bil har gått rundt på glatta i Romarheimsdalen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: 03030-tipser

Etter ein roleg start på dagen, kan ein kanskje byrje å sjå konturane av det meteorologane åtvara mot måndag.

– Det tyder på at det er bra på hovudvegane, men utover ettermiddagen og kveld kan det bli «hallåi» innover i landet og oppover i høgda, seier vaktoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Mykje plussgrader

Det er venta ein brå overgang frå kulde til mildvêr, og regn som frys på bakken.

Glatte veger og underkjølt veg. Illustrasjon.

UNDERKJØLT: Illustrasjonen syner korleis regn kan fryse på bakken og skape trøbbel.

Jan Erikstad

VAKTOPERATØR: Jan Erikstad ved VTS i Lærdal seier entreprenørane var ute tysdag for å skrape ein del vegstrekkjer.

Foto: Jan Christian Jerving

– I Nordfjord og Sunnfjord er det no nesten berre plussgrader. I midtre og Indre Sogn er det framleis minusgrader. På fjellovergangane er det ei minusgrad, så det er byrja å bli mildt der også, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Framleis fare

Og der gradestokken no viser plussgrader, er faren over for at regnet frys på bakken.

– Der det i morgontimane framleis er minusgrader i morgontimane, kan det bli problem når mildlufta kjem, seier statsmeteorolog Anne-Mette Olsen til NRK.

På Austlandet er vêrskifte venta å komme seint onsdag kveld og natt til torsdag.

– Men ein ting er regn som frys på bakken. Ein annan ting er det at snøgrensa vil krype drastisk oppover utover dagen, truleg opp under 1.000 meter, seier Olsen.

Problem i høgda

I Hordaland er vaktoperatør Sleire budd på meir krevjande forhold frå indre, og høgareliggande strok, utover kvelden og natta.

– Det tvilar eg ikkje på, og det må folk vere budde på, seier Sleire og legg til:

– Det er venta solid temperaturstigning i fjellet utover kvelden, ettermiddagen og natta. Det vil regne ganske høgt opp, og det kan gi vanskelege køyreforhold i stigningar og fjellovergangar.