Hopp til innhold

Ventar utolmodig på framlegg til politireform

Det har gått uventa lenge å få svar på framtida til Sogn og Fjordane politidistrikt. Det seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Åshild Kjelsnes

VIL HA SVAR: Det har gått eitt år sidan fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) var i møte med justisministeren. Framleis har det ikkje kome eit framlegg til politireform frå ministeren.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Politifolk her i fylket meiner regjeringa og justisminister Anders Anundsen lenge har utsett å kome med sitt framlegg til politireform.

Forstår frustrasjonen

Kjelsnes seier ho håpar politidistriktet skal bestå, og at ho forstår frustrasjonen som både politimeisteren og dei tillitsvalde har kome med.

– Det forstår eg veldig godt, for dette dreg veldig ut i tid. Det er no eitt år sidan Fylkesmannen og eg var i møte med justisministeren, og då var også ministeren oppteken av at dette ikkje måtte dra for langt ut i tid.

Politidirektøren har tidlegare sagt at han vil ha ti politidistrikt. Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er etterlate eit inntrykk av at politidirektoratet allereie har bestemt seg for å slå samane i rekkje politidistrikt, utan at Stortinget har hatt saka på bordet. Seint i haust kravde Navarsete eit klart svar på kor saka står.

Håpar distriktet får vere som i dag

Dette er noko også fylkesordførar Åshild Kjelsnes er interessert i.

– Kan ein tolke noko ut av at det går så lang tid?

– Det er vanskeleg å seie, men det kan nok vere at ein skjønar at dette her er ganske komplekst. Eg meiner at veldig mykje faktadokumentasjon viser at dette politidistriktet yt veldig gode tenester, og det håpar eg vert vektlagd.