Hopp til innhold

Ventar turistar – har ikkje hotell

Sjeldan har folk i Selje gått ein sommar i vente med så stor spenning som i år. Utan å kunne tilby hotellovernatting, skal turistar lokkast til populære turmål som Stad og klosteret på Selja.

Maria Vengen og Selja Kloster

TURISTMAGNETEN: I fjor besøkte kring 3600 personar klosterruinane på Selje. Maria Vengen i stiftinga som administrerer båttransporten er veldig spent på om trafikken vil halde seg etter at bygda mista hotellet.

Foto: Fotomontasje

– Det er umogeleg å seie korleis det vil gå, men vi er veldig spente, seier Maria Vengen i stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad. Stiftinga har ei oppgåve som koordinator for reiselivsbedriftene i Selje kommune.

Sidan Selje hotell brann i fjor har det vore jobba med mange alternativ for å finne ei løysing som kunne erstatte det einaste hotellet i kommunen. Både brakkehotell og flytande hotell har vore vurdert. Men så langt økonomiske omsyn sett ein stoppar for desse løysingane.

Mange overnattingstilbod

I staden set ho si lit til at allereie eksisterande overnattingsbedrifta skal klare å ta unna turisttrafikken. Kommunen har både campingplass og eit bra tilbod av rorbuer og ulike typar utleigehusvære og -rom.

– Vi har fått mykje merksemd etter brannen, og eg håpar at folk har fått med seg at vi framleis har eit overnattingstilbod, og at vi også er eit flott dagsturmål, seier Vengen.

Auke i passasjertalet

Ei av oppgåvene hennar er å vere guide på Selja der ein finn dei vidgjetne klosterruinane. Trafikktala for båten ut dit er ein indikator på straumen av turistar. I fjor frakta Klosterbåten drygt 3600 passasjerar. Svært mange av desse overnatta på hotellet, før dei to tok båten ut til klosteret.

– Turane i april og mai syner ein auke på 150 passasjerar. Når det gjeld resten av sesongen er det for tidleg å seie noko, då vi først i dag (12. juni, red.merknad) starta med daglege turar til Selja, forklarar Vengen.

Vengen håpar og at eit nytt grafisk formspråk på både på nettside og brosjyrmateriell skal gi auka merksemd og slik oppsving i trafikken.

Interesse for å starte nytt hotell

Også ordførar Stein Robert Osdal er spent, men til liks med Vengen vel han å vere optimist.

– Det skal gå bra. Vi skal klare å syne at Selje er eit attraktivt reisemål sjølv utan hotell, seier Osdal.

Også han viser til at kommunen har mange andre typar overnattingstilbod og at det fint går an å få med seg attraksjonane som dagsturturist.

Osdal seier det er ei prioritert oppgåve for han å skaffe kommunen nytt hotell. Han har tru på at dei skal klare å lykkast tidsnok til å kunne huse arbeidarane som skal byggje skipstunnelen.

– Det har meldt seg fleire interessentar, og bustyraren er i ein kartleggingsfase no, seier Osdal.

Fleire leiger hytter

Også drosjesjåfør og eigar av Selje camp og hyttesenter, John Terje Hamre, er spent. Han har merka auka etterspurnad etter leige av hytter, samstundes som drosjeturane er blitt færre.

– Bedrifter som tidlegare leigde rom på hotellet leiger hos oss no, seier Hamre.