Hopp til innhold

Tropisk orkan i vente - Gonzalo er ingen fredfull gjest

«Gonzalo» er ingen fredfull type. Den tropiske syklonen byr på seg sjølv. Det vil du få merke tysdag.

Orkanen Gonzalo

HERJA VILT: Den tropiske orkanen 'Gonzalo' dundra inn over Bermuda for to dagar sidan og gjorde stor skade. No kjem han til vestlandet.

Foto: ALEXANDER GERST / Afp

Syklonen «Gonzalo» starta som ein orkan og skapte store problem på Bermuda. Der kosta han inn over kysten med ein vindstyrke på 185 kilometer i timen.

Orkanen hatt ein lang veg over Atlanterhavet før den til slutt kjem innover Sogn og Fjordane. Dermed har den mista ein god del av krafta før den treff fylket.

Hald på hatten!

Men statsmeteorolog, Kristin Seter, lovar at restane av den tropiske syklonen vil bli merka.

– Det blir framleis heftig når han kjem. Trass i at «Gonzalo» er redusert til berre eit lågtrykk. Det blir sørleg liten kuling, så aukar han på stil stiv og seinare sterk kuling.

Men det er førebels Rogaland som vil få merke «Gonzalo» mest, og det vil somme stader blåse liten storm og komme store nedbørsmengder. Men også i Sogn og Fjordane vil vinden merkast.

– Det kan bli sterke vindkast på plassar der det vanlegvis ikkje bles så mykje fordi vinden er særleg kraftig i høgda.

Rikeleg med nedbør i vente

Det er også venta ein god del nedbør i samband med at den tropiske syklonen passerer.

– Det blir mykje nedbør også i Sogn og Fjordane. Men per no ser det ikkje ut til å vere mengder vi ikkje handterer. Men det blir mykje regn.

Natt til onsdag er den ufredslege gjesten i ferd med å takke for seg.

– Då vil det blåse nordvest og byrjar å minke. Så held den seg på nordvestleg bris utover onsdagen. Det blir enkelte regnbyer.