Hopp til innhold

Brukar 1. mai til å kjempe for skulen

Det er venta at folk vil stille opp i hundretals i tog for den vidaregåande skulen i Høyanger i morgon

Astrid Refsdal Henden

GLER SEG: Leiar i LO Ytre Sogn gler seg til å leie an i hovudtoget i Høyanger i morgon.

Foto: Birger Meland / NRK

Tradisjonelt sett har 1. mai-feiringa i Høyanger vore den mest omfattande i fylket, og trass noko usikre vermeldingar, satsar arrangørane på stort oppmøte.

Kampen for å oppretthalde Høyanger vidaregåande blir heilt sentralt i hovudtoget i morgon ettermiddag.

– Det er utruleg viktig. Det er veldig mange grunnar til at vi meiner at skulen må bestå. Frå LO si side så hevdar vi at samanhengen mellom industrien og rekruttering til arbeidsplassar i Høyanger gjennom skulen er utruleg viktig, seier leiar for LO Ytre Sogn, Astrid Refsdal Henden, til NRK.

Skuleparole

Sjølv om hovudparolen i toget dreier seg om å nytte vasskrafta lokalt, er ho også overtydd om at parolen for skulen er den som er trekkplasteret for folk flest i årets 1. mai-feiring.

– Eg trur absolutt at det er den parolen som vil samle mest folk. Eg har tru på at det hjelper. Vi såg jo det når vi hadde den store markeringa 11. april, at vi blir høyrd og sett.

Vonar på mykje folk

Ho meiner at det er utruleg viktig at Høyangerfolk stiller i 1. mai-toget og viser at dette ikkje er noko ein kimsar utav.

– Dette tek vi på alvor, og dei dette blir adressert til også tek oss på alvor og høyrer på det vi meinar, seier Refsdal Henden.

Normalt sett stiller kring 500 menneske opp i hovudtoget under 1. mai-feiringa i Høyanger og ho vonar at minst like mange stiller i toget onsdag.

Fakkeltog i Høyanger

FAKKELTOG: Høyangerfolk gjekk mann av huse 11. april for å markere motstand mot nedlegging av den vidaregåande skulen.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.n