Hopp til innhold

Ventar full storm i fjellet tysdag

Dropp planer om å køyre over fjellet i morgon - det er venta full storm på fjellet på Vestlandet og i Trøndelag.

Sterk vind fører til vanskelige kjøreforhold

SNØFOKK: Det er venta så sterk vind på fjellet tysdag at det kan skape trøbbel for trafikantar (arkivbilete).

Foto: Statens Vegvesen / NTB Scanpix

– Det er venta veldig sterk vind. Det er venta liten og periodevis full storm i fjellet i morgon, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Halldis Berge.

OBS-varselet som er sendt ut gjeld både Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Det er venta at vindkasta i utsette dalstrøk kan komme opp i 25 – 30 meter i sekundet.

Snøfokk kan bli eit problem

– Med så sterk vind kan bilistar få problem på fjellovergangane med snøfokk. Det er avhengig av kor mykje laus snø det er.

For reisande som må over fjellet før nyttår kan det beste rådet vere å komme seg over fjellet i dag. Både i morgon og onsdag vil det bli sterk vind som kan skape trøbbel, seier meteorologen.

– Det er sterk vind og det er ikkje turvêr for å seie det sånn, seier Berge.

Rakettar kan blåse vekk

Vinden kan også vere til utfordring for alle som har kjøpt inn fyrverkeri og rakettar.

– Torsdag vil det komme nedbør og starte med kraftig vind. Men det ser ut som vinden vil minke utover dagen. Det blir bygevêr om kvelden nyttårsaftan. Vinden vil minke ein god del torsdag ettermiddag og kveld, men utsette stadar vil det vere kuling eller stiv kuling på kvelden.