NRK Meny
Normal

Ventar stabile bensinprisar

Bensinprisane vil halde seg stabile i vinter. Det seier oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea Markets.

Bensinpumpe
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Eg tvilar på at vi kjem til å sjå noko stor auke i bensinprisane framover, dersom det ikkje kjem skatteauke, eller det blir endringar i valutakursane. På den internasjonale marknaden blir jo bensin betalt med dollar, seier Saltveit

Det siste halve året har bensinprisane våre rekordhøge. Akkurat no ligg prisen 50 øre under høgste pris nokosinne som var 15,76 kroner literen. Vanlegvis pleier etterspurnaden etter bensin å vere størst i feriesesongen om sommar.

– Då køyrer ein gjerne mykje bil. På denne tida av året brukar ein ikkje like mykje bensin, og det gjer at eg ikkje ventar at det skal vere noko spesielt press i bensinmarknaden.

– Bensinprisane følger som regel råoljeprisane, og eg ventar ikkje å sjå noko endring i råoljeprisane no ein periode framover, seier Saltvedt.

Saltvedt reknar med at bensinprisane kjem til å halde seg stabile til ut på vårparten.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.