Hopp til innhold

Finn fram solkrem og solbriller

Laurdag og søndag kan du finne fram solkrem og solbriller. Etter ein litt grå start på påska, kjem finveret i helga. I Førde er det meldt 17 grader påskeafta.

Sola på Øyestølen vart for sterk for hunden Baileys og Anette.

FINN FRAM SOLBRILLENE: Meteorologen lovar fint ver i helga, så finn fram både solkrem og briller.

Foto: Jostein Heggestad

Onsdagen har for mange starta med regn og enkelte har også hatt skodde. Men frå i ettermiddag lettar det opp.

– Det kan hende at skyene sprekk opp og vi får sol, men eg kan ikkje love det, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Først litt regn...

Men det kjem att ny nedbør allereie i morgon. Skjærtorsdag blir det sørleg bris, med sørvest frisk bris i fjellet og sørvest liten kuling ved Stad. Det blir overskya og periodar med regn. Det er også utrygt for lokal tåke enkelte stader.

– Det blir ikkje så fint ver, men det blir gode temperaturar og vindforhold, seier ho.

... så kjem sola

Frå langfredag blir det ei betring i veret og Andersen seie at både denne dagen, påskeafta og 1. påskedag ser bra ut.

– Det blir tørt og vi får rolege vindforhold. Eg trur også vi får sjå ein god del til sola. Temperaturane går opp, så eg trur vi får det fint i helga.

Og vi kan vente oss høge temperaturar i påskehelga. I Førde er det meldt 17 grader påskeafta, Måløy og Florø får 14, Sogndal og Lærdal får 15 grader. I følgje langtidsvarselet blir det sol og forholdvis varmt over helga.

Her finn du vervarsel for nokre stader i Sogn og Fjordane:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.