Hopp til innhold

Ventar på opphaldsvêr

FØRDE (NRK): Svein Erik Hafstad har bortimot 1000 mål med andreslått å gå laus på. Men slik det er no må han berre vente og håpe på betre vêr.

Svein Erik Hafstad

MÅ VENTE: Svein Erik Hafstad med slåmaskinen som han tidlegast får teke i bruk komande tysdag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bonden på Hafstad i Førde driv i tillegg til sin eigen gard som slåtteentreprenør og slår graset på fleire gardar. Ideelt sett skulle han ha vore i gang med andreslåtten no, men det er ikkje til å tenke på.

– Nei, det er dårleg slik det er no. No er det så vasstrekt at det er nesten ikkje råd å gå utpå her. Så eg veit ikkje korleis det blir.

Han vedgår at han er ofte innom og sjekkar vêret på yr.no.

– Eg er nøydd til det. Akkurat no har eg eit håp om å få kome i gang med å slå komande tysdag.

– Mykje meirarbeid

Bjørn-Harald Haugsvær

HÅPAR PÅ ENDRING: Fungerande landbruksdirektør Bjørn-Harald Haugsvær.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fungerande landbruksdirektør Bjørn-Harald Haugsvær seier at slåtten har vore utfordrande for bøndene i Sogn og Fjordane i sommar.

– Det har vore mykje meirarbeid og forseinkingar med å få inn graset. Mykje av graset i førsteslåtten vart ståande for lenge, vi fekk ikkje ein lang godvêrsperiode slik at det vart gode og tørre arbeidstilhøve. Men graset kom i hus, så bøndene har gjort jobben sin, og det er vi veldig glade for.

Haugsvær kan stadfeste at Svein Erik Hafstad ikkje er åleine i Sogn og Fjordane om å ha vasstrekte bøar.

– Akkurat no er det ikkje råd å køyre utpå. Men vi får håpe det endrar seg. I løpet av august bør andreslåtten vere i hus.

Inntil vidare er det ikkje noko å seie på kvaliteten på graset.

– Det har vore jamt med nedbør, og det har vore kjølig, og det likar graset. Så det ser bra ut, men no treng vi opphald, slik at bøndene kan ta til med andreslåtten.

– Ikkje krise - enno

Regnvêr og hund

ENDÅ EI BYE: Gardshunden Tippi kan konstaterer at det høljar ned att, etter nokre timar med opplett.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og Svein Erik Hafstad vil ikkje bruke ordet krise - enno.

– Det er det ikkje, men vi har noko vi kallar reigras, som vi skal slå tre gonger. Og det bør slåast no. Viss ikkje taper det seg.

– Men dersom vêret ikkje lettar, då blir det verre?

– Då blir det eit forferdeleg styr. For nokre år sidan var det så gale at vi ikkje fekk slått før uti september mange stader, og då blir det dårleg fôr.