Hopp til innhold

Ventar på kabelferje

Fylkeskommunen har framleis ikkje ugreid forslaget om ei kabelferje til Hisarøy i Gulen.

I 2006 ba Gulen kommune fylkeskommunen om å byggje ei kabelferje til øya. Samferdsleutvalet vedtok og at ein skulle sjå på nye rutetilbod i ytre Gulen.

Men Fylkeskommunen seier dei ikkje har hatt kapasitet til å setje i gang utgreiingsarbeidet.

Leiar i Hisarøy Grendalag, May-Sissel Hessen Jakobsen, seier dei er svært skuffa og at tolmodet snart er slutt.