Hopp til innhold

Ventar på DNA-svar i valdtektssak

Politiet i Førde ventar no på svar på DNA-prøver i saka der ein mann i 30-åra er sikta for valdtekt av ei jente i tenåra i slutten av september.

Etterforsking av mogleg valdtekt i Førde.

SIKRA GJENSTANDAR: Politiet ventar no på svar om DNA etter hendinga i Korsavegen/Hornnesvegen i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Folkehelseinstituttet hjelper politiet i dette arbeidet, i tillegg til at politiet avhøyrer vitne som kan ha observert noko før og etter hendinga.

Den sikta vart i går sett fri etter ei veke i varetekt. Men politiet held fram etterforskinga, og politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes seier dei no ventar på svar på prøvene.

– I slike saker sikrar vi oss gjenstandar som kle og andre ting som blir undersøkte for spor. Vi får hjelp frå andre instansar for å sjekke gjenstandane for DNA. Det er laboratoriet til Folkehelseinstituttet som undersøker om det finst biologiske spor.

Gjekk frivillig i lag frå sentrum

Firda skriv fredag at sikta og fornærma har gått saman frå Førde sentrum, og at siktinga ikkje er for overfallsvaldtekt.

Begge stadfestar at dei møttest i Førde sentrum og at dei gjekk frivillig i lag derifrå, seier lensmann Jan Egil Tvinde til NRK.

Utover dette vil han ikkje gå nærare innpå forklaringane. Ifølgje Firda har politiet fått fleire førespurnader om det no er farleg i Førde. Dette avviser Tvinde.

– Eg ser det som viktig å komme ut med dei opplysningane her slik at folk forstår at det ikkje er nokon grunn til å vere meir uroa for å vere i Førde no enn for to veker sidan. Førde og Sogn og Fjordane er veldig trygge stader i norsk målestokk.

Ikkje bede om hjelp frå Kripos

– Har de vurdert å be om hjelp frå Kripos?

– Førebels har vi ikkje finne grunn til å involvere Kripos.

– Kva slags vitne avhøyrer de? Vi har tidlegare fått vite at det ikkje var vitne til sjølve hendinga.

– Det er rett at det ikkje var vitne til hendinga som siktinga gjeld. Men vi søker å kartlegge andre personar som kan sitte med relevante opplysingar, både om det som har skjedd før, og det som har skjedd etter den hendinga som no blir etterforska.

– Med andre ord folk som kan ha vore med den fornærma og den sikta før på kvelden eller seinare på kvelden?

– Eg ynskjer ikkje å gå i detalj om akkurat når desse personane vi skal snakke med har hatt med dei å gjere. Det står enno att ein heil del arbeid med å kartlegge det.