NRK Meny
Normal

Ventar over 10.000 til Malakoff rockfestival

NORDFJORDEID (NRK): Tusenvis av rockeglade er venta til Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid i helga. No er det svært hektisk aktivitet med å få alt på plass.

Malakoff

STOR DUGNAD: Folk frå det lokale asylmottaket er nokre av over 900 frivillige som hjelper til i samband med Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.

Foto: Bård Siem / NRK

Støyande traktorar som dreg sceneutstyr på plass, ungdommar som ber tunge metallstenger og ein hektisk festivalsjef som får telefonar i eitt sett.

Slik var stemninga på festivalområdet på Nordfjordeid to dagar før det brakar laust. Frå å vere ein liten lokal festival ved starten i 2003 har Malakoff utvikla seg til å bli ein stor og brei rockefestival av nasjonal karakter.

– No er det veldig hektisk, men alt vil vere på plass til opninga, fortel festivalsjef Arnt Ivar Naustdal.

Malakoff Rockfestival

Frivillige frå det lokale Bondelaget bidreg til at hovudscena kjem på plass på festivalområdet.

Foto: Bård Siem / NRK

Stort budsjett

Budsjettet er på nærare 15 millionar kroner og arrangøren reknar med å få selt over 20.000 billettar under festivalen som startar torsdag og blir avslutta laurdag kveld.

Kjende artistar som Odd Nordstoga, Sivert Høyem og Iggy Pop er trekkplaster for dei som har ein del år på baken. For den yngre garde er det ei lang rekkje rockeband som til dømes Kvelertak og Gojira å glede seg til.

Malakoff

Frivillige frå den lokale svømmeklubben jobbar med å setje opp ei av dei mindre scenene.

Foto: Bård Siem / NRK

900 frivillige

Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal fortel at han ventar godt over 10.000 innanfor portane både fredag og laurdag. Dermed vil han få selt over 20.000 billettar.

– Vi har 900 frivillige som gjer ein formidabel jobb. Utan dei ville det ikkje vore råd å på festivalen på plass. Eg er utruleg takksam for all innsatsen som blir lagd ned, seier han.

Arnt Ivar Naustdal

Det er svært hektisk for festivalsjef Arnt Ivar Naustdal om dagen. Han lovar full trøkk og mykje bra musikk under årets festival.

Foto: Bård Siem / NRK

Gardbrukar Kristen Alsaker er ein av dei mange frivillige NRK snakka med.

– Malakoff Rockfestival er eit flott arrangement og det er kjekt å kunne bidra, fortel Alsaker travelt oppteken med å få på plass hovudscena på festivalområdet.

Eit steinkast lenger borte jobbar ungdommar frå den lokale svømmeklubben med å bere på plass stenger til ei av dei mindre scenene.

– Eg kan love full trøkk med mykje strålande musikk, gliser festivalsjefen.

NRK Sogn og Fjordane er på plass under festivalen. Frå klokka 13–15 fredag sender vi SommarLutt direkte på radio og i nett-TV. Det blir også fyldig dekninga på nettsida vår og i sosiale medium i løpet av helga. Følg oss på #nrksf.