Hopp til innhold

Ventar med familiehytte

Politiet har bestemt seg for å utsette søk i Fjaler etter den sakna Dung Tran-Larsen.

Hytta til den drapssikta familien Larsen.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Det vart i førre veke kjent at politiet vil undersøke familien si hytte ved Straumsnes i Fjaler.

- Dette arbeidet har vi bestemt oss for å skubbe føre oss. Vi prioriterer kriminalteknikarane andre stader, seier lensmann Tore Salvesen i Laksevåg.

Må undersøke

Politiinspektør Tore Salvesen.
Foto: NRK

Han vedgår at dette inneber at politiet har liten tru på å finne spor etter den sakna Dung Tran-Larsen  i Fjaler.

- Det stemmer. Men vi må likevel undersøke hytta på eit seinare tidspunkt, seier Salvesen. Han kan ikkje seie når eit eventuelt søk vert gjennomført.

Politiet avslutta i går søk etter den sakna under Rongesundet bru etter tips om at ein person skal ha kasta ein bylt ned i sundet.