Hopp til innhold

Brulandsvellene dempar investeringslysta i sentrum

Investorar vegrar seg frå å investere i Førde sentrum. – For mønsteret går i retning Brulandsvellene, seier Johan Magerøy.

Olve Grotle og Johan Magerøy

USAMDE: Ordførar Olve Grotle (t.v.) vedgår at investeringslysta i sentrum har vore laber siste tida. Han er likevel usamd med Johan Magerøy (t.h.) og næringsinteressene i at ein handelspark vil øydeleggje for utviklinga i Førde sentrum.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Magerøy var tysdag ein av fleire hundre frammøtte på folkemøtet om arealplan for Førde kommune.

Han er styreleiar i Førde Sør og representerer næringsinteresser i sentrum. Han meiner det var feil å opne for butikkane som allereie er på Brulandsvellene.

– No er det slik at potensielle investorar i Førde, lurer på om dei skal tørre å satse i sentrum. Nei, det vågar dei ikkje, sa Magerøy under møtet.

– Blodtapping av sentrum

Dei fleste som tok ordet då handelsparken var oppe til debatt, var kritiske. Kommunen har ambisiøse planer og siktar mot over 15.000 innbyggjarar i 2027. Det utløyser behov for 1.200 bueiningar, som hovudsakleg skal plasserast i sentrum.

Folkemøte om byutvikling i Førde

OPPMØTE: Folk møtte i hopetal for å få orientering om byutviklingsplanane i Førde, og å seie si meining om tiltaka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kommunesenteret skal omstrukturerast og på Brulandsvellene tenkjer dei seg ein gedigen handelspark. Kritikarane fryktar for dyrka mark og eit sentrum som vil liggje brakk.

– Om ein legg endå meir opp dit, så blir det blodtapping av sentrum, sa Magerøy.

– Det er eitt poeng

– Kvifor er det så ille å tape eit sentrum, eller flytte eit sentrum? Ein vil jo ha dei same tilboda, berre ein annan stad ...

– Kvifor skal vi bruke pengar på å satse på sentrum om vi ikkje meiner noko med det?

Førde-ordførar Olve Grotle (H) nytta sjansen til å leggje fram sine argument for etableringa av handelsparken på Brulandsvellene.

FLAGGA: Ordførar Olve Grotle (H) tok ordet og fortalde forsamlinga kvifor han tykkjer handelspark på Brulandsvellene er eit godt grep. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Høgre-ordførar Olve Grotle vedgår at han kjenner til problema.

– Det er eit poeng at det i ein periode no har vore litt unntakstilstand, på den måten at dei som kan tenkje seg å investere i sentrum sit litt på gjerdet, seier han.

Kinderegg

Grotle trur likevel på ei arbeidsfordeling med meir tradisjonell handel i sentrum, og større ting som kvitevarer og møblar på Brulandsvellene. Kommunen føreslår ein minimumsstorleik på 1.500 kvadratmeter på butikkane og set krav til kva varetypar det skal vere.

Toppen 25 prosent av omsetnaden kan kome frå andre vareslag enn primærvareslaget.

– Det er nettopp dette vi meiner kan skape utvikling på Brulandsvellene og positiv utvikling. Det er eit slags kinderegg, seier Grotle.

Slik vil dei organisere Førde

NY STRUKTUR: Slik ynskjer kommunen å organisere Førde sentrum.

Foto: Illustrasjon