Hopp til innhold

Får neppe noko julegåve frå justisministeren i dag

No krev politiet eit svar på om politidistriktet blir lagt ned, eller om det blir verande eit eige politidistrikt for Sogn og Fjordane. Men justisministeren kjem truleg ikkje med svaret før jul slik han tidlegare har sagt.

Justisminister Anders Anundsen

VIL IKKJE LOVE: Justisministe Anders Anundsen (Frp) kjem neppe til å leggje fram politireforma i dag.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Vi vil ha eit svar no, for å leve i ein slik usikkerheit er ikkje gunstig for nokon. Vi har venta på avgjerda, og vi har venta lenge, seier politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, til NRK.

Vert Sogn og Fjordane politidistrikt slått saman med Hordaland, eller vert det halde oppe? Det er avgjerda som regjeringa skal ta. Justisminister Anders Anundsen vil ikkje seie noko til NRK om dette no, men til VG sa han tidlegare i haust:

«Vi er inne i ein avsluttande fase, og målet er å få ferdig stortingsmeldinga før juleferien, men eg vil ikkje låse meg heilt. Det kan også gå nokre veker inn i nyåret.»

Ronny Iden

FRUSTRERT: Politimeister Ronny Iden.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Litt frustrerande

Ronny Iden veit ikkje svaret på om han blir den siste politimeisteren i Sogn og Fjordane, og han trur neppe det kjem noko innstilling frå justisdepartementet i dag, vesle julaftan. Det same gjeld tillitsvald for politiet i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange.

– Eg trur vel ikkje det. Så lenge det har kome så mange datoar no, og det blir utsett og utsett, så er det jo litt frustrerande og ein lurer jo litt på kva det er som gjer at det trekkjer ut i tid, seier Drange.

– Vanskeleg utryggleik

For tid har det teke. I juni 2013 kom politianalysen. I oktober 2013 var høyringsfristen ute. Sidan har dei venta.

– Folk er jo opptekne av dette og for mange så er jo arbeidsplassen i spel og det seier seg sjølv at det er vanskeleg å leve med den utryggleiken, seier Drange.