Hopp til innhold

Ventar i spaning på kva Hordaland vil gjere

Tysdag sa Rogaland fylkeskommune nei til å bli ein del av Vestlandsregionen. I Sogn og Fjordane ventar fylkesordførar Jenny Følling spent på kva Hordaland kjem til å gjere i morgon.

Jenny Følling

VESTLANDSREGIONEN: Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi tek vedtaket i Rogaland til etterretning, og så får vi sjå kva som vert vedtaket i Hordaland i morgon, seier Følling.

For seks dagar sidan avgjorde Sogn og Fjordane at dei ynskjer å gå saman med Hordaland og Rogaland om å danne ein ny stor region . Tysdag vart det klart at Rogaland ikkje vil vere med i noko Vestlandsregion, onsdag skal Hordaland ta stilling til saka.

Store avstandar

I Rogaland har store avstandar i den nye Vestlandsregionen, og det at Rogaland kan verte sittande med rekninga for utbygging av infrastruktur i Sogn og Fjordane, vore nokre av argumenta som har vore brukte for å seie nei til samanslåing.

– Det er ei kjensgjerning at det vert store avstandar. Eit anna argumentet som har vore brukt er at det ikkje er avklart kva oppgåver den nye regionen skal få, seier Følling.

I dag seier Møre og Romsdal at dei vil halde fram som eige fylke. Rogaland seier nei til Vestlandsregionen, og argument som har vore nytta er at vi er for ulike. Var draumen om Vestlandsregionen urealistisk?

– I og med at Rogaland seier nei, så vert det ikkje noko Vestlandsregion utan at det kjem større oppgåver på bordet frå Stortinget si side. Vi er ulike på Vestlandet, men vi har og samstundes mykje felles, så alt er gangbare argument, seier Følling.

Kart over vestlandsregionen

REGIONDRAUM: Rogaland vil ikkje vere med på at dei tre vestlandsfylka skal slå seg saman.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Sogn og Fjordane for små

– Det som er viktig for oss er at dersom Stortinget gjer alvor av å halvere talet på fylke, så vil Sogn og Fjordane vanskeleg kunne stå åleine, seier Følling.

For Sogn og Fjordane har det vore viktig å ha ein hand på rattet. Når Rogland no har sagt nei til samanslåing, ligg det i vedtaket frå Sogn og Fjordane at dei då skal halde fram med samtalane med Hordaland. Onsdag skal Hordaland seie kva dei meiner om Vestlandsregionen.

– Vi må no undersøke om vi får lov til å halde fram samtalane med berre to fylke. I tillegg har Fylkestinget og sagt at vi kan rette ein førespurnad til Møre og Romsdal, men Hordaland er det primære for oss, seier Følling.

– Kva om Hordaland no i staden vender seg mot Rogland, kan vi då kom i ein situasjon der Sogn og Fjordane vert delt?

– Det håpar eg inderleg ikkje. Det er difor fylkestinget har sagt at vi skal vere aktive å forhandle for å prøve å påverke kva som skal vere framtida for Sogn og Fjordane. vi har vore tydlege på at vi ynskjer å vere eit samla fylke, anten åleine eller at vi går samla inn i ein region, seier Følling.