NRK Meny

Ventar framleis på svar frå NVE

To konkurrerande kraftselskap ventar i spenning på NVE si innstilling om mogleg utbygging i elva Jølstra, det skriv Firda. Både Sunnfjord Energi og Nordkraft har søkt om å få byggje kraftverk rundt Stakaldefossen. Med det nye prosjektet kan Sunnfjord Energi årleg produsere straum som svara til energibehovet til vel 10 tusen husstandar. Om planane blir realisert vil det vere ei av dei største kraftutbyggingane i fylket i nyare tid. Utbyggarane treng snarleg svar skal dei rekke fristen for å bli med i den grøne sertifikatordninga. NVE seier til Firda at innstillinga er venta klar før sommaren.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå