Ventar framleis på testeutstyr for narkotika

Det vil enno gå noko tid før dei første sjåførane langs vegane i Sogn og Fjordane blir testa med testen som kan avsløre narkotika- og medisinbruk. Men det er verdt å vente på.

UP har fartskontroll

MÅ VENTE LITT TIL: Utrykningspolitiet i Sogn og Fjordane må vente enno ei tid før dei får ta i bruk det nye narkotestapparatet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Anna Gytri
Journalist
Oddleif Løseth
Journalist

Med det nye apparatet Drugtest 5000 kan politiet med ei spyttprøve raskt få spar på om det er mistanke om at føraren er rusa på medikament eller narkotika.

Narkometer

SPYTTPRØVE: I løpet av nokre få minutt får ein svar på om sjåføren er påverka av narkotiske stoff eller enkelte typar medisin.

Foto: Utrykningspolitiet

Apparatet vart teke i bruk nokre utvalde stader før sommaren, men det er førebels ikkje på plass i Sogn og Fjordane. UP sin distriktsleiar på Vestlandet, Terje Oksnes, kan ikkje gje noko konkret tidsperspektiv på når det er på plass i fjordfylket.

– Førebels har vi eitt apparat i vår region. Vi skal få nye apparat til byane våre, Haugesund og Stavanger, og vil då ha tre apparat i regionen. Så får vi sjå kva vi kan få av ytterlegare apparat etter det, og då vil Sogn og Fjordane få tildelt eit apparat, seier Oksnes.

Behov for noko meir enn alkometeret

Undersøkingar som Folkehelseinstituttet har gjort viser at det kvar dag blir køyrt mellom 125.000 og 140.000 turar der føraren er rusa.

– Av desse er det berre 17 prosent som er alkoholpåverka, og som vi fram til no har kunne avdekke med tekniske hjelpemiddel (alkometer red. anm.), seier Oksnes.

– Dei siste 83 prosentane må vi avdekke anten ved bruk av politiets eigne personlege kompetanse, eller med dette nye tekniske hjelpemiddelet.

UP-distriktsleiaren ser det difor som svært viktig at ein får på plass det nye narkotestapparatet. Det første apparatet til UP på Vestlandet kom denne veka, og allereie dagen etter gav det utslag då det var brukt under ein trafikkontroll.

Terje Oksnes, UP

EFFEKTIVT: UP-sjef på Vestlandet, Terje Oksnes, seier det er svært viktig at politiet får bruke det nye måleinstrumentet i jakta på rusa sjåførar.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Vil gå på rundgang

Sjølv kor effektivt apparatet er kan ikkje Oksnes love eitt til kvar av dei to UP-patruljane i Sogn og Fjordane.

– Så langt eg veit vil det berre bli eit apparat i Sogn og Fjordane, på lik linje med Bergen, Haugesund og Stavanger.

– Dette apparatet kostar ti gonger så mykje som eit vanleg alkometer, og det kostar ein del i bruk. Så ein må la apparata gå på rundgang, seier Oksnes.

– Svært effektivt

Han er likevel ikkje i tvil om at det nye testapparatet vil føre til at politiet får stogga langt fleire av dei rusa førarane langs vegane.

– Erfaringa vi har med dette så langt er berre positiv i form av at vi avdekker ruskøyrarar som vi elles ikkje hadde vurdert til å vere rusa.

– Kanskje hadde ein ei lita magekjensle på at noko var gale, og så kunne ein bruke apparatet for anten å få stadfesta eller avkrefta den mistanken, seier Oksnes.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.