Ventar framleis på erstatning
Andrea Voll Voldum frå Lærdal har framleis ikkje fått erstatninga ho vart tilkjend i den mykje omtala Hemsedalssaka. Det skriv Sogn Avis. Tre menn vart i 2016 frifunne for valdtekt, men dømde til å betale 22-åringen 300.000 kroner i erstatning. Advokaten til Voldum, John Christian Elden, seier inkasso vil skje til alt er betalt.