NRK Meny
Normal

Ventar at lakseprisane vil gå til himmels

Prisen på laks ligg an til å stige med 10 prosent første halvår i år. Auka handel med Kina vil gjere at enda fleire millionar vil renne inn for norske eksportørar.

Laks

POPULÆR: Norsk laks sel godt i utlandet og passar inn med at stadig fleire vil ete sunt.

Foto: Eeg, Jon / SCANPIX

Dagleg leiar i Salmon Group, Nils Inge Hitland, trur prisane vil fortsette å vere høge i tida framover.

– Det er eit resultat av ein har bygd opp marknaden over lang tid, også har ein ikkje følgt opp med produksjon. Det har vore ei utflating i produksjon sidan 2012, seier dagleg leiar i Salmon Group, Nils Inge Hitland.

Gode tider

Nils Inge Hitland

FORVENTAR HØGE PRISAR: Dagleg leiar i Salmon Group, Nils Inge Hitland, trur dei høge lakseprisane vil halde seg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hitland trur prisane vil halde seg høge i tida framover. Ein av grunnane er at det no er opna for handel med Kina.

– Det er klart at handelen med Kina vil vere med å auke etterspurnaden etter norsk laks og slik bidra til høge prisar, seier Nils Inge Hitland.

Viktig for Noreg

Bransjesjef Bjørn Erik Stabel

TRUR PÅ VEKST: Bjørn Erik Stabel forventar at 2017 blir eit toppår for norsk lakseeksport.

Foto: Norges sjømatråd

Bransjesjef for laks og aure i Norges sjømatråd, Bjørn Erik Stabel, meiner dette viser at havbruksnæringa kjem til å bli svært viktig for Noreg i året som kjem.

– Vi sel laks til meir enn 100 land. Verda elskar norsk laks og vi har ein sterk posisjon når det gjeld sal av fiskeprodukt, seier Stabel.

Han forklarar populariteten til den raude fisken med at stadig fleire vil ete sunt.

– Norsk laks er eit flott produkt som passar godt inn med at folk vil ete sunn mat, forklarar Stabel.

Kjem ikkje til å produser meir

Hitland meiner vi har fått eit politisk klima som gjer det vanskeleg for regjeringa å skulle opne for nye konsesjonar og auka produksjon.

– Det som er utfordringa er moglegheitene for å produsere i samband med krav om berekraftig produksjon. Det går på påverknad av villaks, lus og rømming, seier Hitland.

– Kjem de til å auke produksjonen?

Det er ingen utsikter til at vi får noka auke i produksjonen i år. Prognosen er på 1 prosent volumvekst. Det er ikkje på noko vis nok til å dekke etterspurnaden etter norsk laks på verdsmarknaden, seier Hitland.

Snittprisen i spotmarknaden for norsk laks enda på 63 kroner per kilo i 2016, som var ny rekord og 50 prosent høgare enn i 2015, då snittprisen var 42 kroner, skriv Dagens Næringsliv. I første halvår kan prisen stige til 72 kroner.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy