Hopp til innhold

Har venta på solformørkinga i 25 år

I føremiddag skapte månen totalt nattemørke midt på dagen. For dei som er interesserte i astronomi er dette ei storhending.

Ottar Sande

VENTA I 25 ÅR PÅ DENNE SOLFORMØRKINGA: Ottar Sande frå Gloppen er på Færøyane for å få med seg solformørkinga. Biletet til høgre viser totaliteten sett frå Klaksvik. Sande fortel at det var heilt nattemørkt i dei eitt og eit halvt minutta totaliteten varte.

Foto: Privat

Ein av dei som har sett fram til denne dagen er Ottar Sande frå Gloppen. I 25 år har han venta akkurat på denne solformørkinga.

– No er eldste son min fødd på datoen i dag, så vi har vore veldig klar over denne solformørkinga lenge, seier Sande.

Saman med tusenvis av andre astronomi-interesserte har Sande tatt turen til Færøyane for å få best mogleg utsikt til det spesielle fenomenet.

– Flyplassen her er vel om lag som Førde lufthamn på Bringeland. Den har vanlegvis berre eit par avgangar for dagen. No har dei hatt 15 ekstra landingar, og vi er nok eit par tusen frå heile verda som er her for å sjå.

Trugande skyer

Men sjølv om turen har vore planlagt lenge, heldt vêret i dag på å øydelegge heile opplevinga. Tunge skyer dekte himmelen over Færøyane i føremiddag.

– Men når du er på øy så ordnar det seg, og vi fekk ein sprekk i skydekket slik at vi fekk eit minutt der vi såg sola som ein lysande ring rundt månen på nattehimmelen, seier Sande.

– Kva vil du seie er det mest spesielle med det som skjedde i dag?

– Det er noko eige når du får natt midt på dagen og faktisk ser stjerner. Fleire tusen står og ventar på det same, og du høyrer suset som går gjennom forsamlinga når solformørkinga skjer.

Solformørkelsen i Europa har begynt - Video

Lenge sidan sist

Solformørkingar skjer med få års mellomrom over heile kloden, men at ein kan sjå det frå fastlands-Norge er heller sjeldsynt.

– Ja, det er 60 år sidan sist vi kunne oppleve det.

Neste sjanse til å få med seg ei total solformørking i Skandinavia er i 2136. Men Sande seier at mindre solformørkingar skjer med få års mellomrom. Er ein villig til å reise er solformørkingar årlege fenomen rundt om i verda.

– Det er ei oppleving som eg vil anbefale. Det er heilt utruleg, og du står som regel i lag med tusenvis av andre. Den opplevinga du får når sola sloknar og du får natt og ser stjerner midt på dagen i nokre minutt, det er heilt fantastisk.

Solformørkelse
Foto: NRK