Hopp til innhold

Venta fire dagar på rette biletet

Ein fotograf, ein tømmersportsutøvar og ein vengeflygar måtte prøve i fire dagar før dei fekk det biletet dei var ute etter i Stryn

Tømmersportsutøvar og vengeflygar

DET GJEKK TIL SLUTT: Slik vart sluttresultatet. Vebjørn Bleka Sønsteby svingar øksa, medan Espen Fadnes susar forbi.

Foto: Joerg Mitter / Limex Images

Firmaet JCP PR hadde fått i oppgåve å ta spektakulære foto til verdsmeisterskapen i tømmerhogging som blir avvikla på Lillehammer 3. til 4. november. Idéen var å fange eit møte mellom ein av dei eldste ekstremsportane (tømmerhogging i konkurranseform) og moderne ekstremsport (basehopping og vengeflyging).

Tømmersportsutøvaren Vebjørn Bleka Sønsteby frå Brøttum og vengeflygaren Espen Fadnes frå Molde tok turen til Stryn saman med fotografen Joerg Mitter. Målet var Marsåhyrna, mellom Flo og Veslebygda og med Oppstrynsvatnet under.

Fadnes vart frakta med helikopter til toppen, 1340 meter over havet, medan Sønsteby vart plassert med øks og ein tømmerstokk litt lengre nede i fjellsida.

Stihl Timbersports World Chmampionships - Norway

TVI-TVI: Vebjørn Bleka Sønsteby og Espen Fadnes med håp om at det skulle klaffe denne gongen.

Foto: Joerg Mitter / Limex Images

250 kilometer i timen

Men det skulle vise seg at det ikkje var gjort i ei handvending å få dei bileta dei var ute etter. Medan Sønsteby hogg laus i øvinga «Standing block chop», skulle Fadnes flyge forbi. Fotograf Mitter hadde som oppgåve å ta bilete av dei i den rette augneblinken.

Men når Fadnes fyk forbi i ein fart på 250 kilometer i timen skal du vere litt over middels god fotograf for å få eit perfekt resultat. I tillegg spelte ikkje vêret med på laget deira.

Espen Fadnes - Stihl Timbersports World Chmampionships - Norway

KLAR IGJEN: Espen Fadnes gjer seg klar for utsprang.

Foto: Joerg Mitter / Limex Images

«Heilt rått» til slutt

Fire dagar gjekk det før dei var nøgde. Vebjørn Bleka Sønsteby fortel at det ikkje gjekk heilt som smurt.

– Fotoshooten var krevjande, og vi måtte slåst over fleire dagar med dårleg vêr og mykje vind, men då det til slutt sat, vart biletet heilt rått.

Og litt nervepirrande vedgår han at det var.

– Espen skulle flyge så nær oss som mogeleg, så han passerte meg og fotografen med berre nokre få meter. Då var det berre å halde roa og stole på at Espen hadde kontroll i lufta.

Stihl Timbersports World Championships - Norway

SPEKTAKULÆRT: Espen Fadnes i svev over Oppstrynsvatnet.

Foto: Joerg Mitter / Limex Images