Venstretoppar meiner Solberg må ofre Listhaug

Fleire fylkesleiarar i Venstre meiner statsministeren må fjerne eller flytte justisministeren.

Jan Henrik Nygård

MEINER LISTHAUG MÅ GÅ: Jan Henrik Nygård er fylkesleiar i Venstre.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Partileiarane i dei tre regjeringspartia Venstre, Høyre og Frp møtes måndag kveld i statsministerbustaden for å diskutere korleis dei skal løyse situasjonen i Stortinget tysdag.

I Venstre, som er nye i regjeringa, rann begeret over for fleire etter uttalane frå justisminister Sylvi Listhaug (Frp), skriv Bergens Tidende.

Jan Henrik Nygård, som er fylkesleiar for Venstre i Sogn og Fjordane, meiner statsministeren må finne ei løysing på situasjonen.

– Eg ville ha fjerna eller flytta Listhaug. Det hadde for så vidt vore naturleg å gjere for eit stund sidan. Rekkevidda av dette burde Solberg sett tidlegare, seier Nygård.

Til avisa legg han ikkje skjul på kva han meiner om uttalane Listhaug kom med mot Arbeidarpartiet og stortingsfleirtalet i saka om statsborgarskap.

– Dei var såpass urimelege at eg ikkje har brukt så mykje energi på det. Det er ikkje slik statsrådar skal gjere, så då få vi finne eit svar på det, seier Nygård.