Hopp til innhold

Venstretopp meiner klimakrise-vedtak berre er rein symbolikk

– Dette er eit reint symbolvedtak. Ein kan fint vere oppteken av klima utan å stå på denne lista, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Alfred Bjørlo med ordførarkjede

UNØDVENDIG: – Vi har ikkje gjort noko vedtak, rett og slett fordi at det er ei klimakrise, seier Venstretopp Alfred Bjørlo.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter at fleire fylke og kommunar i vår vedtok at det er klimakrise er det lite som tyder på at konkrete tiltak har blitt gjennomført som direkte konsekvens av krise-vedtaket.

Det var den frivillige miljøorganisasjonen World Saving Hustle som starta denne underskriftskampanjen.

– Eit stunt-vedtak

Som einaste kommune i Sogn og Fjordane står Fjaler på lista over kommunar som vedtok i vår at det er klimakrise.

– Det vart sendt ut ein interpellasjon, ein skriftleg førespurnad på om vi skulle erklære klimakrise. Dette svarte eg på, men eg visste ikkje at det ville bli noko listeføring på dette, seier Gunhild Berge Stang (V).

Gunhild Berge Stange

FOR KLIMA: – Eg er ikkje så oppteken av politiske markeringar i kommunestyret for å vise kva vi meiner, eg er oppteken av at vi får god forankring, seier Gunhild Berge Stang (V).

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Fjaler-ordføraren seier at det på bakgrunn av dette blei diskuterte kva kommunen si rolle var i forhold til å bidra til klima- og gassutslepp og kva tiltak som burde gjerast.

– Stunt-vedtak i kommunestyret har relativt liten verdi. Det som har verdi er korleis du jobbar i det daglege, seier ho.

Berge Stang er også Venstre sin toppkandidat i nye Vestland og seier at Fjaler kommune jobbar bevisst med omsyn til klima, og at dei har stort fokus på å integrere klimatenking i det regulære arbeidet.

– Eg tenker at dette vedtaket ikkje er avgjerande for at kommunar kjem til å ta tak i dette med klima eller ikkje.

Unødvendig å vedta klimakrise

– Å skrive under på eit symbolvedtak om at det er ei klimakrise også i vår kommune, som vi allereie veit er ei global klimakrise, bring ikkje verda verken framover eller bakover, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Venstretoppen meiner at sjølv om ein ikkje står på denne lista, så betyr ikkje det at ein ikkje har fokus på klima.

– Det viktige no er å kome i gang og at alle kommunar og fylke på alle nivå forpliktar seg til kva ein faktisk vil gjere for å kutte klimautslepp, seier han.

Han fortel at Eid kommune blant anna jobbar med planlegging for å kutte klimautslepp og gjere klimatiltak i nye Stad kommune frå 2020 av.

– For vi veit både internasjonalt og nasjonalt at det er ei klimakrise. Vi må kutte klimagassutslepp på alle nivå i åra som kjem, også i kommunane.