NRK Meny
Normal

Venstreordførarar uroa for framtida til landforsvaret

Venstreordførarar i heile landet krev no full openheit og innsyn i den framtidige organiseringa av landforsvaret.

Opprop for landforsvaret

KREV OPENHEIT: Ordførar i Eid Alfred Bjørlo og seks andre venstreordførarar stiller seg i spissen for eit opprop for landforsvaret.

Foto: Montasje: Odd Rømteland/Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Vi er alvorleg uroa over at vi no ser ei kraftig nedbemanning av Heimevernet som er det forsvaret er til stades over heile landet og er viktig for den lokale beredskapen, seier Alfred Bjørlo som er ordførar i Eid.

Stortinget har vedteke å utsette alt som har med organisering av landforsvaret til etter Stortingsvalet til hausten.

– Det vi er redde for er at alt no vert skubba på, og at det ver lagt lokk på prosessane til etter valet og til budsjettet kjem i oktober/november, seier Bjørlo.

Vil ha debatt

Tidlegare i år har 13 organisasjonar i forsvaret skrive brev til forsvarsministeren der ei ber om openheit og inkludering når arbeidet med det framtidige landforsvaret skal meislast ut.

– Det som no er viktig er å få ein offentleg debatt korleis landforsvaret; hær og heimevern, skal sjå ut i framtida, seier Bjørlo.

Det meiner dei sju venstreordførarane, som har skrive under brevet til forsvarsministeren, at det må det vere ein prosess på i god tid på før den endelege avgjerda vert teken på Stortinget til hausten.

Tverrpolitisk

– Vi sju venstreordførarane sender no ut invitasjon til alle ordførarane i landet, uavhengig av kva politisk parti dei høyrer til, slik at vi kan få eit tverrpolitisk opprop inn mot regjeringa, seier Bjørlo.

– Trur du at det vert høyrde i Oslo?

– Eg trur i alle fall at får du ein samla styrke av at 13 forsvarsorganisasjonar og ordførarar over heile landet som er tydlege på vi må få ein offentleg debatt om landforsvaret, at vi må ha ei landforsvar som er til stades over heile landet, så trur eg vi får det på plass, seier Bjørlo.

Forsvarsdepartementet har tysdag ikkje vore tilgjengelege for kommentarar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser