Hopp til innhold

«Ingen grunn til at dei skal sitte for å sitte»

Dei om lag 50 ordførarane og varaordførarane til Venstre kjem med sterke krav til eiga stortingsgruppe og den blå regjeringa før budsjettforhandlingane.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er to hovudproblem med budsjettforslaget: Ein heilt fråverande miljø- og klimaprofil, som er vår tids viktigaste utfordring, og ein sosial profil som vi er sterkt ueinige i, der det ikkje vert gjort nok for dei som har det vanskelegast, seier Alfred Bjørlo til NRK.

Han er leiar i Venstre sitt ordførarnettverk, som i helga har vore samla i Oslo. Han seier partiet sine ordførar og varaordførarar står samla bak krava.

Han kallar budsjettet mørkeblått, og seier meldinga deira til stortingsgruppe og forhandlarane som skal forsøke å kome til semje med Høgre og Framstegspartiet om budsjettet, er klar.

– Skal vi få eit budsjett med fleirtal må dette sjå heilt annleis ut. Vi må ha eit budsjett med Venstre-profil på miljø og det sosiale, som også gir eit betre budsjett for kommunane og fylkeskommunane, seier Bjørlo.

– Ingen grunn til å vere «pusete»

Høgre og Framstegspartiet er avhengige av støtte for at statsbudsjettet for 2015 skal få fleirtal på Stortinget. Bjørlo seier samarbeidspartia til regjeringa, KrF og Venstre, må bruke posisjonen sin.

– Vårt samarbeid botnar i samarbeidsavtalen med regjeringa, der miljø, sosial profil og gode rammevilkår for lokaldemokratiet er berande. Dersom regjeringa ikkje respekterer den avtalen, og legg den til grunn for budsjettet, har vi ein heilt ny situasjon.

– Og då har ein ei regjering som ikkje får fleirtal for budsjettet?

– Det er ingen grunn for vår stortingsgruppe og våre forhandlarar til å vere «pusete» og forsiktige i forhandlingane dei no skal inn i. Denne regjeringa var ikkje Venstre sitt førstealternativ, vi ønska ei sentrum-Høgre regjering. Det er ingen grunn til at denne regjeringa skal sitte berre for å sitte, seier Bjørlo.

– Større avstand enn vi hadde trudd

I ei pressemelding krev Venstre-ordførarane reversering av kutt til oppfølging av personar med store hjelpebehov, ekstra ressursar til barnevernet og auka overføring til busetjing av flyktningar.

I tillegg, seier Bjørlo, krev dei ei kraftig opptrapping av verkemiddel for å kome over frå oljeøkonomien til ein ny, grøn økonomi, og tyngre satsing på kollektivtransport.

Eid-ordføraren er overraska over avstanden mellom budsjettforslaget og krava frå Venstre.

– Den er stor, og større enn vi trudde før budsjettet vart lagt fram, mellom anna fordi det går heilt i feil retning på miljøområdet. Regjeringa gir ikkje avgiftslette på det som er miljøvenleg og peikar inn i framtida, men har derimot gitt ein del merkelege avgiftslette som skrur klokka tilbake, seier Bjørlo.

– Dei gjer det ikkje lønsamt med ikkje plug-in hybridbilar, men gjer snøscooter og campingvogn billegare. Det er ting som går i heilt feil retning, som må få ein heilt annan profil på dersom dette budsjettet skal ha eit fleirtal i Stortinget, seier han.