Det vil ikkje fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Rolf Nesheim, vere med på.
– Dette vil innebere at det blir dagens regionråd som bestemmer, seier Nesheim.
Avvist i kommunane
Nesheim viser til at det i fleire kommunar har vore behandla framlegg om kommunesamanslåing, og at det har vorte avvist dei fleste stader.
I helga møttest fylkeslaga og fylkestingsgruppene til Venstre i dei fire vestlandsfylka. I følgje Nesheim var haldningane der til forslaget frå nestleiarane at dette var ei utvikling som dei ikkje ønskjer.