Hopp til innhold

Venstrefolket har snudd: No opnar grasrota for å gå i regjering med Frp

I årevis har venstrefolk utelukka at partiet skal samarbeide med Framstegspartiet i ei regjering. No er det i ferd med å skje noko, og folk langt ned i grasrota opnar for å gå inn i eit slikt samarbeid.

Edvard Iversen

VIL I REGJERING: Leiar i Vågsøy Venstre Edvard Iversen ser gjerne at partiet hans no går i regjering.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er klart at vi får større gjennomslag ved å sitje rundt kongens bord, enn å stå på utsida, seier leiar i Vågsøy Venstre Edvard Iversen.

Tidlegare har venstreordføraren Alfred Bjørlo i nabokommunen Eid sagt det same. Ein gjennomgang Bergens Tidende har gjort, syner at nesten ingen av fylkesleiarane i partiet vil utelukke eit regjeringssamarbeid med Frp.

No syner ein spørjerunde NRK har gjennomført at synet på regjeringssamarbeid også byrjar å endre seg i lokallaga og blant fotfolket i partiet. Mange venstrefolk er no innstilte på at partiet må gå i regjeringsforhandlingar med Frp.

– Vi må gå i seriøse regjeringsforhandlingar, og målet må vere at vi skal hamne i regjering, seier leiar i Bergen Venstre Jo Einride Lid Lerheim.

Sentralstyret i Venstre møtes i dag for å diskutere eit mogleg regjeringssamarbeid med Høgre og Framstegspartiet.

Ikkje fornøgd med dei siste fire åra

Fleirtalet av dei lokallagsleiarane NRK har prata med seier at partiet har fått nokre viktige gjennomslag dei siste fire åra, men ein er ikkje fornøgd med måten ein har klart å profilere dette på.

– Det er ingen tvil om at vi har fått mykje gjennomslag dei siste åra, men vi får ikkje æra for det, seier varaordførar i Askvoll Gunnar Osland.

Gunnar Osland heime på garden Mandelid i Askvoll

IKKJE NOKO LETT VAL: Gunnar Osland seier at det ikkje er noko lett val for Venstre nett no. Han opnar for å gå i regjeringsforhandlingar med Frp, men seier det må ei rekkje gjennomslag til for at han skal akseptere å gå i regjering med dei.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Osland understrekar at det han helst ønskjer seg er ei blågrøn regjering som består av Venstre, KrF og Høgre. Det gjer stort sett alle lokallagsleiarane vi har prata med.

– Men kanskje kan fordelen med å gå inn i ei regjering der også Frp er med, vere at vi får endå meir gjennomslag, og at vi får meir anerkjenning for gjennomslaga våre.

Dette synet ser ut til å spreie om seg. Av lokallaga i Sogn og Fjordane er det til dømes berre eit fåtal som stiller seg heilt utelukkande til å samarbeide med Frp.

Må få nokre solide gjennomslag

Dei fleste ser ut til å vere samstemte i at det må nokre solide gjennomslag til for å gjere det realistisk at Venstre skal gå inn i regjeringa.

– Men det viktigaste er heilskapen i politikken. Vi kan ikkje seie at vi skal utelukke Frp uansett. Vi må sjå på politikken, og kjempe for å få gjennomslag, seier Lerheim i Bergen Venstre.

Ikkje alle er positive

Men det finst framleis venstrefolk som seier at det er heilt uaktuelt å samarbeide med Framstegspartiet.

– Det er uaktuelt. Vi har eit heilt anna verdisyn enn Frp, og dei står langt frå oss i saker om asyl og innvandring, seier leiar i Luster Venstre, Jon Ove Lomheim.