Venstre vil velje Rotevatn
Nominasjonsnemnda i Venstre vil la Sveinung Rotevatn frå Eid halde fram på Stortinget. Dei føreslår også at fylkesleiar og Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang framleis skal stå på andreplass. På tredjeplass står Anne Mette Hjelle frå Førde. Lista blir ikkje endeleg før medlemmane har sagt sitt på nominasjonsmøtet i Førde 31. august.