Kampen for lokalsjukehusa er ei sak som folk brenn sterkt for. I Nordfjord førte det brennande engasjemtet til at 5000 personar gjekk i fakkeltog for å hindre at lokalsjukehuset vart svekka.
Vil hindre nedlegging
Deira frykt er nettopp at sjukehuset blir lagt ned bit for bit, noko Venstre vil hindre. Dei meiner at eit fullverdig lokalsjukehus skal ha akuttberedskap innan mellom anna indremedisin, ortopedisk kirurgi, fødeteneste, anestesi og generell kirurgi.
Redning for lokalsjukehusa
Gunnar Ludvigsen meiner at dersom forslaget om minimumskrav for kva eit lokalsjukehus tilbyr blir ein politisk realitet, kan det bety at Lærdal sjukehus kan få tilbake ei fullverdig fødeavdeling. Han trur også det kan hjelpe dei som kjempar for Nordfjord Sjukehus.