Hopp til innhold

Venstre vil gje sjukehusa til fylka

Fylkespolitikarane på Vestlandet bør få ta over styringa av sjukehusa. Det meiner Venstre i Hordaland og Sogn og Fjordane. I samband med at dei to fylka skal slå seg saman, bør dei få ta over Helse Vest, som eit prøveprosjekt, meiner partiet. Fylkeskommunane måtte gje frå seg styringa av sjukehusa i 2001. Fylkesleiar Gunhild Berge Stang flagga dette under debatten i fylkestinget i Leikanger i dag.

Gunhild Berge Stang på talarstolen
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK