Hopp til innhold

Fryktar stor-Sunnfjord blir døden for Florø

– Eit stor-Førde med Flora, er Florø sin sikre død, seier Flora-politikar og fylkesnestleiar i Venstre, Halvor Halvorsen.

Halvor Halvorsen og Bengt Solheim-Olsen

DEBATT: Høyr debatten mellom Halvor Halvorsen (V) og ordførar Bengt Solheim Olsen (H) lenger nede.

Foto: NRK

Vallogo

«Ingen må tru at (kommunereforma) dreier seg om å lage meir «robuste» lokalsamfunn. Det dreiar seg om sentralisering, statleg styring og flytting av makt vekk frå folket.»

Det skriv Halvorsen i ein kronikk send til NRK. I dag møtte han Flora-ordførar og Høgre-politikar Bengt Solheim-Olsen til debatt.

– Gjeld for veldig mange kommunar

Han trekk dermed problemstillinga lenger enn debatten om Førde og Flora, der han er bystyrepolitikar for Venstre.

– Reforma er ikkje starta av lokalpolitikarar ut frå lokalsamfunna sine behov. Ho er starta fordi storsamfunnet har behov for betre kontroll ved å rasjonalisere vekk det som finst i distrikts-Noreg, seier Halvorsen.

– Dei tinga eg trekk opp for Flora, gjeld like mykje for veldig mange andre kommunar. Eg saknar veldig sterkt debatten om kva vi er villige til å ofre av heimstadane våre, berre for å lage sentrale, robuste einingar, seier han.

«Jeg har ikke samvittighet til å selge vår felles fremtid her på kysten til Førde kommune, og jeg vil kjempe med nebb og klør mot at lysene skal slukkes i min barndomsby, bare fordi noen vil lage «robuste enheter» av oss!»

Halvorsen i kronikk om kommunesamanslåing

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H), er forundra over utspelet frå Halvorsen.

– Dette verkar mildt sagt merkeleg. Han representerer Venstre, som kanskje er det partiet både nasjonalt og lokalt som er mest positivt behovet for kommunereforma, seier Solheim-Olsen, som ikkje vil ta kommunesamanslåing på forskot, men seier meir informasjon er naudsynt.

– Uproblematisk med usemje

Fylkesleiar i Venstre, Gunnhild Berge Stang, tek utspelet frå Halvorsen med ro.

– Det er uproblematisk at folk har ulike syn. Halvorsen er skeptisk til kommunereforma, og det er det mange andre enkeltmedlemmar som kanskje kan vere. Det er viktig å ha ein skepsis, for vi skal ikkje ha kommunesamanslåing for einkvar pris.

Men Berge Stang er ueinig med sin eigen nestleiar.

Gunhild Berge Stang

FYLKESLEIAR: Gunnhild Berge Stang (V).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– På grunn av dei store velferdsutfordringane og rekrutteringsutfordringane kommunane står føre, er kommunereform svaret. Det er Venstre sitt syn, og det er det ein får ved å stemme Venstre.

– Men i Flora får ein også andre syn?

– Venstre har vore klare på at det er lokalpolitikarane som skal ha makta over korleis framtida til kommunane skal sjå ut, og det er lokalpolitikarane i Florø som skal bestemme dette, seier Berge Stang.