– Eg lurer på om han står ved tolkingane som politidirektoratet har sendt ut. Det vil få dramatiske konsekvensar for festivalane i Noreg. Difor ber eg han om å bruke folkevett, seier stortingsrepresent og Venstre-leiar.
Dette har blitt møtt med stor skepsis og fleire fryktar for dramatiske konsekvensar for festivalane. Det har fått Skei Grande til å sende spørsmål til justisminister Per-Willy Amundsen frå Framstegspartiet. I brevet spør ho om hans syn på innstramminga.
– Eg håper at justisministeren grip inn og sørger for ei tolking av regelverket som står i stil med det folk meiner. Eg håper på at vi skal ha kulturarrangement med stor deltaking og med sosial kontroll også i framtida, seier Skei Grande.
Frp-politikar meiner partiet ikkje kan vere med på alkoholforbod.
Politikarar er uroa for konsekvensane
Skei Grande har blitt kontakta av Venstre-representantar frå fleire fylke som har ytra uro for framtida til festivalane.
– Det er ei snever tolking som vil råke norsk kultur og alle dei gode festivalane våre, meiner Skei Grande.
Dei nye reglane skal gjelde både russearrangement og festivalar som blir arrangerte i landet. Venstre-leiaren ser ikkje noko problem med at festivalane har eit campingområde der folk kan ta med seg sin eigen alkohol.
– Kontroll på alkohol og overskjenking blir stadig betre. Det er noko som alle festivalar jobbar godt med, så eg skjøner ikkje noko anna enn at ein justisminister frå Frp bør kunne snu dette. Eg stolar på at folkevettet vil vinne til slutt, så håper eg på at vårt initiativ vil få han til å snu, seier ho.
- Les også: