Hopp til innhold

Venstre løfter Vik fengsel inn i budsjettforhandlingane med Regjeringa

VIK (NRK): – Skuffande, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) om Regjeringa si lunkne haldning til å byggja ut fengselet i Vik med 30 nye soningsplassar.

Roy Egil Stadheim, Morten Holmberg og Sveinung Rotevatn

SYNFARING: Sveinung Rotevatn (midten) og Venstre si stortingsgruppe vil i budsjettforhandlingane i haust krevja at Regjeringa seier ja til å utvida Vik fengsel. Fengselsleiar Roy Egil Stadheim (t.h.) og Venstre sin ordførarkandidat Morten Holmberg (t.v.).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ei utviding av Vik fengsel er noko stortingsgruppa til Venstre ønskjer å løfta inn i budsjettforhandlingane med Regjeringa, seier Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for det eine av Regjeringa sine to samarbeidsparti.

I dag vitja Venstre-politikaren det 150 år gamle fengselet i Vik, som kjempar ein hard kamp for å få utvida med 30 lukka soningsplassar. Eit nytt fengselsbygg til 42 millionar kroner kan stå klart i løpet av eitt år, men Regjeringa er lunkne til planane.

Nederland skal ta unna

Justisminister Anders Anundsen (Frp) har heller valt å leiga fengselsplassar i Nederland, for å få ned soningskøane raskt.

Vik fengsel markerte i dag at det er 150 år sidan dei opna dørene. Men bursdagsgåva fengselssjefen har mest lyst på, let framleis vente på seg.

150 ÅR: Fengselsleiar Roy Egil Stadheim er frustrert over at Regjeringa ikkje seier ja til å utvida Vik fengsel. Fjernsynsreportasje frå 27. august 2015.

– Me set pris på initiativet frå Vik fengsel, men det viktigaste tiltaket me no har fått, er 242 plassar i Nederland, sa statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) i Justisdepartementet i august.

Regjeringa tok i bruk det nederlandske fengselet 1. september.

– Eg tykkjer det er feil av Regjeringa – med støtte frå KrF – å prioritera å senda fangar ut av landet, i staden for å utvida i Norge. Venstre vil pressa på for å utvida talet på soningsplassar innanlands, og me kjem til å støtta ei utviding av Vik fengsel, fordi dei viser gode resultat, seier Rotevatn.

KrF velsigna Nederland-planen

At KrF sikra fleirtal for Regjeringa sin Nederland-plan, meiner kritikarar kan ha bidrege til å skubba ei utviding av til dømes Vik fengsel ut i tid.

Regjeringa sitt andre samarbeidsparti har like fullt kunngjort støtte til utvidingsplanane i Vik. Det kan bli avgjerande når Stortinget i løpet av det neste året skal vedta bygging av 500 nye plassar i landet.

Kjell Ingolf Ropstad passerer maleri av Lars Korvald

KRF FOR VIK-UTVIDING, MEN ... Justispolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad (KrF) sikra fleirtal for Regjeringa sitt kjøp nederlandske fengselsplassar, noko som kan ha skubba fengselsutvidinga i Vik ytterlegare ut i det uvisse.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Justisdepartementet har signalisert at dei ønskjer å prioritere storbyane, men justispolitisk talsperson i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, varsla derimot – under Sogn og Fjordane KrF si valkampopning i august – støtte til distriktsfengselet i Sogn:

– Dersom Vik kan leggja inn gode planar og visa at det er eit behov regionalt, er det gode sjansar for at me òg kan velja det.

Store forventningar

Vik fengsel har blitt ei heit valkampsak dei siste vekene, og alle stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane har vitja Vik og kunngjort sterk støtte til utvidinga av fengselet.

– Eg forventar at dei står for det dei seier, og at Rotevatn løftar utvidingsplanane inn i budsjettforhandlingane, slik han lovar. Venstre sit i ein nøkkelposisjon så lenge dei er samarbeidspartnar til Regjeringa, seier fengselsleiar Roy Egil Stadheim.

Også Venstre sin ordførarkandidat i Vik, Morten Holmberg, ventar at Rotevatn leverer.

– Statlege arbeidsplassar er gull verdt i ein kommune med folketalsnedgang. Ei utviding kan vera det fyrste steget for å snu ei negativ utvikling.