Hopp til innhold

Venstre skal jobbe for utjamning av nettleige

Delegasjonen frå Sogn og Fjordane fekk gjennomslag for ei viktig kampsak for fylket på landsmøtet i Venstre.

Venstre

NETTLEIGE: Venstre skal jobbe for utjamning av nettleige.

– Dette med utjamning av nettleige og linjekostnader er ei veldig viktig sak. Det handlar eigentleg om infrastrukturtiltak på lik line med til dømes veg, seier Kurt Jevnaker som er delegat på landsmøtet.

Tidlegare har fylkesstyret i Senterpartiet i Sogn og Fjordane kravd at Stortinget må vedta ei utjamningsordning for nettleige som gir tilnærma lik pris til alle abonnentar uavhengig av kvar ein bur . No seier også Venstre at dei vil sjå på tiltak for å få ned dei høge nettleigene for folk som bur i distrikta.

– Dette har vore ei viktig kampsak for Sogn og Fjordane og kraftproduserande kommunar i Distrikts-Noreg, seier Jevnaker.

Nest dyrast i landet

Heimfylket til Jevnaker, Sogn og Fjordane, er landets nest største kraftprodusent. Likevel er straumen her dyrast. – Urimeleg og djupt urettferdig, meiner både kundar og kraftselskap.

Kurt Jevnaker

FEKK GJENNOMSLAG: Kurt Jevnaker (V) vil ha lik nettelige på same måte som vegavgifta er lik i heile landet.

Foto: Pressebilete

– Det er jo ei paradoks at vi som står for nær 10 prosent av kraftproduksjonen i landet har dei desidert høgaste nettleigene. Slik kan det ikkje vere, seier Jevnaker.

Han syner til at på andre område vert utgiftene jamt fordelt

– På veg til dømes er det lik vegavgift landet over, og det er aldri noko spørsmål om det, seier Jevnaker.

Ulike løysingar

Fleire løysingar har vore lansert for korleis ein kunne få til ei betre fordeling av kostnadane. Blant anna har utjamningsfond vore nemnt, eller at Statnett kunne vere ein regulator som kompenserer lokale straumleverandørar som må forsterke sitt nett for å få fornybar energi ut på sentralnettet. Det vil då bety at ein må heve nettleiga litt for kundar andre stadar for å få ei utjamning.

Venstre har førebels ikkje noko svar på korleis dei ser føre seg å løyse dette.

– Det er litt for tidleg å seie noko konkret om akkurat no. Dette er noko som vi no skal sette oss ned å sjå på for fullt, så det er noko vi må kome attende til seinare, seier Jevnaker.