Venstre samlar kreftene

Venstre sine lokallag i Førde, Naustdal og Jølster blir no eitt. Bakgrunnen er kommunesamanslåinga av fire kommunar i Sunnfjord. Laga skriv i ei pressemelding at dei også ynskjer å ha lokallaget i Gaular med seg, og starte prosessen med nominasjonsarbeid fram mot 2019 når det nye kommunestyret i storkommunen skal veljast.