NRK Meny
Normal

Venstre-mann ut mot ortopedivedtak

Gunvald Ludvigsen frå Venstre gir ortopedivedtaket i Helse Førde krass kritikk.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Venstrepolitikaren, som sit i helse- og sosialkomiteen på Stortinget, meiner vedtaket i Helse førde om å sentralisere narkose-basert akuttbehandling i ortopedi, minner om eit panikkvedtak for å syne handlekraft i styret.

Oppfordrar

Gunvald Ludvigsen

Gunvald Ludvigsen frå Venstre.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Ludvigsen seier vedtaket er lite gjennomtenkt, og oppfordrar styret til å snu i denne saka.

– Vedtaket gjer ikkje noko godt i det heile, seier venstrepolitikaren.

Han legg stor vekt på at den aktiviteten som no blir flytta til Førde vil svekkje og kanskje rasere eit svært godt udanningstilbod på Nordfjordeid.

Røtene

Den nasjonale spesialistkomiteen var på Eid sist haust, og gav utdanninga innan ortopedi svært gode skussmål.

Dei meinte at sjukehuset faktisk kunne hatt to utdanningskandidatar, istadenfor éin som i dag.

– Det er utruleg viktig å klare å behalde eit slikt utdanningstilbod. Dersom ein rykker røtene vekk under dette tilbodet, vil det gjere stor skade for heile Helse Førde, seier Ludvigsen.

Konsekvens

Hovudargumentet for å sentralisere delar av ortopedien, er at fylket med sine vel 100.000 innbyggjarar må samle meir av aktiviteten ved Sentralsjukehuset, for å kunne ha eit sjukehus med den spesialiseringa og spesialistutdanninga som det krev.

Jorun Eide Kirketeig frå AP gir si fulle støtte til vedtaket.

– Sentralsjukehuset er den utdanningsinstitusjonen som gjer at vi får vere med på å utdanne eige helsepersonell i fylket. Konsekvensen dersom vi ikkje sentraliserer ortopedien kan bli at vi i Sogn og Fjordane står att utan eit sentralsjukehus, meiner ho.

Feil

Ludvigsen meiner Kirketeig tar feil.

– Det er nok pasientar både i Førde og ved Nordfjord-sjukehuset til å kunne utdanne eigne spesialistar. Det ein gjer med dette vedtaket er å øydeleggje eit velfungerande tilbod som er til stor glede for heile Helse Førde, seier han.

– Eg kan ikkje sjå eit einaste fagleg argument som støtter dette vedtaket, legg venstrepolitikaren til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.