Hopp til innhold

Venstre frir til Senterpartiet

Venstre sin førstekandidat til fylkestinget, Gunhild Berge Stang, har ikkje lyst på fire nye år med ein fylkesordførar frå Ap. Ho vil ha Jenny Følling (Sp).

Gunhild Berge Stang

FELLESPUNKT: Venstreleiar i Sogn og Fjordane, Gunnhild Berge Stang, trur partiet hennar og Senterpartiet kan finne fellespunkt å samarbeide på, trass nokre ulike løysingar.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Vallogo

– Vi er opptekne av å få til eit skifte. Vi ønskjer eit breitt samarbeid på borgarleg side, og vi ønskjer også å samarbeide med Senterpartiet for å få det til, seier Berge Stang (V).

Meiningsmålingar viser at Arbeidarpartiet og Senterpartiet ligg an til å bli dei største partia i Sogn og Fjordane. Dei siste fire åra har dei to styrt i lag, der Ap har vore storebror med fylkesordføraren.

– Trur vi kan finne fellespunkt

Berre dagar før valet går Venstre ut og seier dei vil ha Jenny Følling frå Senterpartiet som fylkesordførar. Så sant dei bryt med Arbeidarpartiet.

– Både Senterpartiet og Venstre er genuint opptekne av å få til ein ny giv for Sogn og Fjordane. Sjølv om vi har nokre ulike løysingar, trur eg også vi kan finne fellespunkt som vi kan samarbeide på, seier Venstre-leiaren.

Berge Stang meiner det er på høg tid med eit skifte vekk frå Ap..

– Ikkje minst er eg veldig oppteken av utflytting av statlege arbeidsplassar. Der trur eg vi kan jobbe godt saman med Senterpartiet, i motsetnad til Ap, som strittar mot heile ideen frå sentralt hald, seier ho.

– Smigrande frå Venstre

Jenny Følling

FYLKESVARAORDFØRAR: Jenny Følling.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Jenny Følling har dei siste fire åra vore fylkesvaraordførar. Senterparti-politikaren vil ikkje umiddelbart akseptere frieriet frå Venstre, sjølv om det kan gi ho rolla som den fremste politikaren i fylket.

– Det er jo smigrande å høyre dette frå Venstre.

– Dei ønskjer eit breitt borgarleg fleirtal, og vil ha deg som fylkesordførar, vil du vere det?

– Eg seier det er ein hyggeleg invitasjon. Vi har ein avtale om å snakke med våre samarbeidspartnarar først, så får vi sjå korleis valresultatet blir, seier Følling.

Trur på fornya samarbeid

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes fryktar ikkje at samarbeidet med Senterpartiet går mot slutten, og seier ho reknar med avtalen om at Ap, Sp, SV og KrF skal snakke saman først står ved lag.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg skjønar godt at Venstre prøver å lansere alternativ som dei er ein del av. Men eg har god tru på at samarbeidspartia skal finne fram til ein god måte å samarbeide på, også i komande periode.

– Så du føler ikkje posisjonen din er truga?

– Det er veljarane som seier sitt om kva posisjonar dei ser for seg at dei ulike partia skal ha. Valresultatet blir avgjerande, seier Kjelsnes.