Hopp til innhold

Venstre bit seg sjølv i tunga

Partiet Venstre motseier seg sjølv om valkampopninga komande fredag.

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Synfaring, ikkje valkampopning i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Partiet har sendt ut pressemelding om valkampmøte i lokala til Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde, men etter at NRK sette fokus på saka nekta brått partiet for at det var eit valkampmøte.

– Skal ha valkompopning

Men stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen sa i eit radiointervju tidlegare i veka at det er ei valkampopning dei skal ha.

Gunvald Ludvigsen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Vi skal jo ha valkompopning no på fredag, og då skal vi faktisk ha temaet statlege arbeidsplassar. Vi skal møte Lotteritilsynet.

Pressemelding om opning

Partiet Venstre fortel to ulike historier om kva type arrangement dei skal ha hjå Lotteri- og stiftelsestilsynet. Eit tilsyn skal vere partipolitisk nøytralt, men likevel har partiet sendt ut pressemelding om valkampopning med direktør Atle Hamar som innleiar. Opninga skal attpåtil vere i tilsynet sine lokale.

Nekta brått

Direktør Atle Hamar i tilsynet har ei fortid som Venstre-politikar. Han meiner at han har sitt på det tørre fordi han berre har trudd at han skal delta på ei synfaring. Han tok i går kontakt med partiet for å klargjere saka. I etterkant nekta brått valkampsekretær Sveinung Rotevatn til NRK for at det er eit valkampmøte dei skal halde.

– Heilt vanleg synfaring

– Nei, vi skal eigentleg ikkje halde eit arrangement, vi skal på ei synfaring. Det er snakk om ei helt vanleg synfaring hjå tilsynet.

Også fylkesleiar Torbjørn Kolås ringte i går NRK for å nekte på at dei skal halde eit valkampmøte, men han ville ikkje la seg intervjue på radio.

Men i eit intervju som stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen gav NRK på måndag sa han fleire gonger at det var eit valkampmøte dei har planlagt.

– Det er ein del av opninga, sa han mellom anna.

– Rot som Venstre har skapt

Atle Hamar sjølv meiner han har hamna opp i eit rot som Venstre har skapt. Han seier at han berre ville gje ei omvisning og ikkje hadde sagt ja til å bidra i valkampen til Venstre.