Normal

Andreplass for Andrea i The Voice

16 år gamle Andrea Santiago Stønjum frå Måløy smelta dommarane med sin tolkninga av Beyoncé sin Halo, og er dermed vidare til superfinalen

Andrea Santiago Stønjum

FÅR SKRYT: Andrea Santiago Stønjum har kvar einaste fredag fått skryt av mentorane i «The Voice».

Foto: TV2

– Det er heilt fantastisk, eg klarar ikkje å sette ord på kva eg føler seier Celine Brunsvik Mork.

Saman med venningegjengen er på plass i salen for å heie på Andrea.

– Heile gjengen sit her no og nesten grin av glede over at Andrea har kome så langt. Vi er kjempestolte av ho, seier

The Voice

SPENTE JENTER: Her jentene på plass i Oslo og klare til å heie på Andrea i finalen i The Voice

Foto: Privat

Fredag kveld reiste vennegjengen med nattbussen til Oslo for å sjå Andrea i Finalen.

– Det blir litt rart å sjå ho. Frå før har eg berre sett ho på småscener som UKM og på skulen. No er ho på TV, sa Stina Bakke då vi snakka med med ho før dei sette seg på bussen.

Jentene har kjent kvarandre heilt sidan barnehagen. Laurdag kveld står Andrea Santiago Stønjum, den eine frå vennegjengen, på scena under finalen i song-konkurransen The Voice.

– Ho har alltid vore flink til å synge og det har mange sagt til ho der ho har sunge. Så det kom ikkje akkurat som noko sjokk at ho har nådd så langt, seier Kjersti Tennebø.

Fantastisk å sjå besteveninna på scena

Celine Brunsvik Mork har tidlegare sunge saman med Andrea. Ho unner venninna denne opplevinga av heile sitt hjarte.

– Det er heilt fantastisk at eg skal få sjå bestevenninna mi på scena. Vi har jo ei felles interesse og dette gir meg lyst til å kunne gjere det same, men denne opplevinga unner eg ho av heile mitt hjarte, seier Brunsvik Mork.

Nattbussen til Oslo

Fredag kveld set dei seks venninnene seg på nattbussen til Oslo for å vere heiagjeng under finalen i song-konkurransen The Voice.

– Andrea har jo imponert kvar gong. Og eg har tenkt etter kvar opptreden; korleis skal ho klare å toppe dette, men ho har jo klart det kvar gong. Så no er det berre å vente å sjå kva ho gjer denne gongen, seier Sofie Årdal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune