NRK Meny
Normal

Vennesamlinga som blei festival

Det som starta med nokre vener som samlast for 11 år sidan, er i dag ein stor festival for klassisk musikk, kunst og kultur. Mykje og godt samarbeid har teke dei dit.

Hanne Oftedal og Nora Taksdal

INVITERER TIL MUSIKKFEST: Hanne Oftedal og Nora Taksdal gler over ei veke med musikalsk innhald.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Festivalsjef Hanne B. Oftedal har vore med i mange år, og kan fortelje at festivalen starta som noko heilt anna enn det han er i dag.

– Det starta som ei slags vennesamling med nokre få konsertar, og så har det "balla på seg." No har vi har blitt ei stifting med større profesjonalitet i alle ledd, seier Oftedal.

Gloppen musikkfest 2014 starta måndag og varer til søndag, med konsertar, aktivitetar og utstillingar.

– Samarbeid, samarbeid, samarbeid

Festivalsjefen fortel at dei har bygd organisasjonen langsamt. Like langsamt har dei bygd publikum sin kjennskap til sjangeren.

– Korleis balla det på seg?

– Det har heile tida vore frykteleg viktig for oss å vere lokalt forankra, og at festivalen skal bety noko for Gloppen og fylket ut over dei fire dagane. Festivalen må tilpassast lokale forhold, seier Oftedal.

Og for å forklare kvifor og korleis festivalen har gått frå ei vennesamling til ein stor, kjend, profesjonell festival, vel Oftedal å parafrasere Arbeidarpartiet sin tidlegare partisekretær Martin Kolberg, som snakka om fagrørsla.

– Det handlar om samarbeid, samarbeid, samarbeid.

Nora Taksdal spelar

SPELEGLEDE: Nora Taksdal har vore musikalsk ansvarleg i over fire år. Foto: Eli Eikenæs Vengen, NRK

Meir samarbeid

– Men korleis tilpassar ein festivalen til lokale forhold?

– Det er ikkje enkelt. Det tek mykje tid. Det handlar om samarbeid. Kva har Firda vidaregåande behov for? Kva treng distriktsmusikarane? Vi har skapt ein arena for alle distriktsmusikarane i fylket. Ikkje berre for publikum.

Nora Taksdal har vore musikalsk ansvarleg i over fire år. Taksdal bur i Oslo og spelar i Kringkastingsorkesteret. Ho er ikkje mindre begeistra over, ja, nettopp samarbeidet.

– Samarbeidet er heilt avgjerande. Det handlar om at musikken representerer eit språk som er viktig for heile verda. Det er veldig godt å sjå folk få denne opplevinga, både dei som kjenner det frå før og dei som er nye. Her i Sandane har vi klart å samle heile fylket og heile Norden, seier Taksdal.

– Denne blandinga av dei trufaste venene og publikummarane som kjem år etter år, og dei nye som kjem kvart år. Ikkje minst å sjå opplevingane hjå dei nye er veldig inspirerande for oss, seier ho.

Hanne Oftedal fortel om konsert

VIDEO: Festivalsjef Hanne B. Oftedal fortel om konsertane. Foto: Eli Eikenæs Vengen, NRK

Og endå litt meir samarbeid

Festivalen har eit svært variert program. Festivalsjef Oftedal hentar inspirasjon frå ulike turar og studieturar, som turen til Hardanger Musikkfest i vår. Men aller mest hentar ho inspirasjon frå samarbeid.

– Eg får påfyll av det gode samarbeidet. Eg fungerer best i team. Det fungerer veldig bra. Vi er fleire her i Gloppen, med trådar ut til Bergen, Oslo, Førde, som kan koke våre hovud saman. Saman med fagmiljøa, kulturskulen, Firda vidaregåande skule og fylkeskommunen, vert det moro!

Festivalen har vakse. Det kostar pengar. Om lag ein million kroner i år. Begge er samde om at vidare vekst ikkje er eit mål i seg sjølv.

– Eg trur som Nora seier at vi kanskje er på det nivået vi skal vere. Vi er ein klassisk festival, men vi er også ein kammermusikkfestival. Det betyr at vi ikkje skal ha 20.000 menneske i salen. Musikken eignar seg ikkje for det, seier ho.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå