NRK Meny
Normal

Vennepar dømd i stor narkotikasak

Venneparet frå Årdal måtte svare for ei av fylkes største narkotikasaker. No har die fått straffa.

Snøballen byrja å rulle i 2010 då politiet fann både narkotika og 19.000 kroner i kontantar i ei fiskeveske i bilen til mannen. Etter ytterlegare to ransakingar i heimen til sogningen, vart også kvinna blanda inn i saka to år seinare.

Når saka no var oppe i Sogn tingrett, var den samla mengda komen opp i kring ein kilo amfetamin . Det meste seld i lokalmiljøet.

Erkjende straffskuld

Mannen har sete varetektsfengsla sidan den tredje pågripinga i fjor sommar. Totalt har han sete 311 dagar i varetekt i samband med beslaga.

I retten erkjende han langt på veg straffskuld for alle tiltalepunkta, men meinte han hadde selt mindre mengde amfetamin enn det politiet hevda.

Retten fann det bevist at mannen reiste til Oslo for å handle inn narkotika i større mengd. Heime i Sogn hjelpte kvinna til med å formidle kontakt med kjøparar og å pakke det i dosar for sal.

Tidlegare straffa

I tillegg meinte retten at kvinna var med på å halde narkotikaen skjult i leilegheita hennar. Det var også retten si oppfatning at det var frå denne leilegheita salet skjedde. Kvinna har sete 30 dagar i varetekt i samband med pågripinga.

Når det gjeld mannen meinte retten det var straffeskjerpande at han to gonger før er bøtelagd for brot på legemiddellova, og til dels straffa og bøtelagd for brot på vegtrafikklova.

Positiv utvikling

Samstundes har mannen samarbeidd med politiet, og i stor grad tilstått forholda. I tillegg har mannen vist god framgang siste året han har sete i varetekt.

Retten meiner han er i ein rehabiliteringssituasjon, og fann det passande med ei fengselsstraff i to år og åtte månader. Ti månader blir på vilkår med prøvetid på to år.

Til frådrag kjem perioden han har sete varetektsfengsla. Rette meinte også at Staten kan beslaglegge dei kring 400.000 kronene som retten meiner mannen har tent på narkotikasalet.

Kvinna er ferdigsona

Retten la vekt på at også kvinna var i positiv utvikling på vegen mot eit rusfritt liv. Aktor sin påstand om 30 dagar fengsel og 385 timar samfunnsstraff gjennom 11 månader, vart derimot vege og funnen for streng.

For å unngå at straffa kjem for mykje i konflikt med kvinna sitt arbeidsforhold, meinte retten at straffa kunne justerast ned til 30 dagar fengsel og 250 timar samfunnsstraff. Gjennomføringstida vart justert opp til 12 månader.

Fengselsstraffa vert sett på som sona gjennom opphaldet i varetekt.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser