NRK Meny
Normal

Vennene er superstolte av Andrea

16 år gamle Andrea Santiago Stønjum frå Måløy nådde ikkje heilt opp i superfinalen i The Voice, men vennene meiner ho har all grunn til å vere stolt.

Andrea Santiago Stønjum

PÅ ANDREPLASS: Andrea Santiago Stønjum frå Måløy

Foto: Robert Dreier Holand

– Andrea presterte heilt fantastisk i kveld slik ho har gjort heile sesongen, og eg var kjempestolt av ho seier Celine Brunsvik Mork.

Gjennom heile sesongen av The Voice har 16-åringen frå Måløy fått skryt av mentorane i The Voice kvar einaste fredag. Det gjorde ho også under finalen av musikktevlinga laurdag kveld. Sjølv om det var Thomas Løseth som trekte det lengste strået, meiner vennene at Andrea har grunn til å vere stolt av å ha nådd heilt til finalen.

– For oss så er uansett ein vinnar. Ho har oppnådd det ho ville med The Voice og sjølv eg ser kor ho har vakse gjennom deltakinga i musikkonkurransen, og har all grunn til å vere stolt av det ho har oppnådd seier Brunsvik Mork

The Voice

HEIA PÅ ANDREA: Vennegjengen frå Måløy hadde tatt turen til Oslo for heie på Andrea Santiago Stønjum i finalen.

Foto: Privat

– No skal vi rett heim til tanta til ei av jentene og sjå finalen i opptak og så skal vi feire at Andrea kom på andreplass, seier Brunsvik Mork.