NRK Meny
Normal

Veninnene startar kronerulling

Handballveninner av Charlotte Moene i Jotun har starta innsamlingsaksjon til vidare leiting.

Søk med undervasskamera i Årdalsvatnet

Søk med undervasskamera i Årdalsvatnet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Politiet skal i dag vurdere kor lenge leitearbeidet etter den sakna 17 åringen skal pågå, skriv Sogn Avis.

Kaptein Marianne Stedje Øren seier pengane skal sikre ei leiting etter at politiet innstiller sine søk.

Kjem til nytte når søket sluttar

- Vi håpar flest mogleg er med på å støtte dette, og at næringslivet ønskjer å gje pengar. Dette er ei viktig sak å samle inn pengar til, seier Øren.

Jotun handball ser føre seg at pengane kan komma til nytte, dersom Charlotte Moene ikkje dukkar opp før politiet avsluttar det organiserte søket etter henne.

- Dersom vi har behov for hundar, ubåten eller andre ting som trengst for å halde fram leitinga.

Må vurdere

Politiet leitar framleis i Årdalsvatnet, men lensmann Kristen Olav Grøttebø fortel at dei etter kvart må vurdera om det har noko føre seg å halda fram, eller om dei vert nøydde til å innstilla søket.

- Det er ei vurdering vi lyt ta, og det er ei vanskeleg avgjersle eg lyt ta med mine overordna, seier Grøttebø.

I mellomtida kan alle som vil setja inn pengar på den same kontoen som vart nytta i forbindelse med leiteaksjonen etter Bjørn Moen, som forsvann frå Årdal for to år sidan og etter ei tid vart funnen omkommen. Her står det allereie 160 000 kroner.

- Vi håpar flest mogleg er med å støttar opp om dette, avsluttar Øren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser