Hopp til innhold

Vende tommelen ned for kravet om folkerøysting

Fleirtalet i kommunestyret i Hornindal seier nei til kravet om folkerøysting.

Stig Olav Lødemel

IKKJE FOLKERØYSTING: 337 underskrifter var ikkje nok til å snu ordførar Stig Olav Lødemel (H) og fleirtalet i kommunestyret i Hornindal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Fleirtalet i kommunestyret har kome fram til at saka var identisk med den vi har handsama tidlegare, og har difor sagt nei, seier ordførar Stig Olav Lødemel.

Etter noko debatt i kommunestyret var det eit felles framlegg frå Arbeidarpartiet, Venstre og Høgre som fekk fleirtal. Med 11 mot Senterpartiet sine seks røyster sa kommunestyret for andre gong nei til krav om folkerøysting.

I juni sa kommunestyret i Hornindal ja til å gå slå seg saman med Volda. Før vedtaket hadde Hornindal kommune ei måling av eit representativt utval av innbyggjarane i kommunen, men i tida etter vedtaket har fleire av innbyggjarane etterlyst ei folkerøysting.

I forkant av kommunestyret torsdag hadde 337 personar skrive under kravet om folkerøysting.

– Det var 70 fleire enn førre gong, men det vart ikkje vurdert av kommunestyret som stor nok til at det fekk innverknad, seier Lødemel.

Skuffa

–Klart eg er skuffa, seier Audun Gausemel, som er talspersonen for aksjonsgruppa for folkerøysting i Hornindal.

Han er likevel ikkje overraska over at resultat vart som det vart.

– Sjølv om vi var mange som skreiv oss på lista, så har vel signala vore klare på at fleirtalet i kommunestyret hadde gjort seg opp ei meining. Så vi har vore førebudde på dette resultatet, seier Gausemel.

Kvifor har det vore så viktig for dykk at det skulle gjennomførast folkerøysting?

– Det er for at flest mogleg av innbyggarane i Hornindal skulle få seie si meining om det vegvalet som skal gjerast, seier han om at berre 379 innbyggjarar har fått seie si meining.

– Gir de opp no?

– Vi har prøvd dei moglegheitene som er, så får dei som har teke valet leve med det, seier Gausemel.