NRK Meny
Normal

Vemund (20) starta med eit reagensrøyr – sjå på han i dag

Det starta med reagensrøyr heime på kjøkkenet. I dag produserer Vemund Eldegard kosmetikk som sjølv filmstjernene skryt av.

Vemund Eldegard starta sitt eige kosmetikkfirma.

HOPPA I DET: Vemund Eldegard tok sats og etablerte ei verksemd som verkeleg har fått vind i segla.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg er veldig nøgd med suksessen så langt og håpar at det blir endå betre, gliser den unge kosmetikk-gründeren frå Førde.

Spurte seg til råds

Produkta til Vemund Eldegard.

UNISEX: Elde lagar kosmetikk som passar for begge kjønn.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

På Vie har Elde Cosmetics flytta i eige produksjonslokale, der Eldegard også har to tilsette i sving. Bestillingane strøymer inn. Kosmetikkprodukta går ut på løpande band.

I sterk kontrast til då 15-åring stod på kjøkkenet og blanda kaldpressa planteolje og ekstrakt til eit serum han sjølv trengde for huda. Resten er historie.

– Eg leste meg opp på nettet, snakka med forskarar og leverandørar. Sidan har eg prøvd og feila, men er veldig nøgd med det eg har kome opp med så langt, seier han.

Vemund Elde sel kosmetikk

SJÅ TV-SAK: Vemund Eldegard har starta produksjon av eigne hudkremar.

Fekk solid draghjelp

Video Intervju med Hermine - Emma Watson

WATSON: Emma Watson skrytte av produkta til Elde. – Det merka eg på bestillingane. Det vart ein bra auke, seier Eldegard.

Foto: Nyhetsspiller

Nøgd er også skodespelaren Emma Watson, kjend frå dei mange Harry Potter-filmane.

Intervjuet, der Watson ovanfor Into the gloss skildra merket som «fantastisk», slo positivt ut på ordrane.

– Det betyr mykje. Ho er ein person med mange gode verdiar. Ho er kjendis, men også ein ambassadør for Unicef og glad i det naturlege og økologiske. Det kunne ikkje vore betre, seier han om den uventa draghjelpa frå Hollywood.

– I eigen klasse

Medan medstudentane frå den vidaregåande skulen har reist og studert, har Eldegard stått på for å få verksemda opp å gå.

– Ein lærer utruleg mykje om både bedriftsutvikling og miljøet. Det å vere sin eigen sjef er utfordrande og lærerikt, seier den unge gründeren.

Vemund Eldegard starta sitt eige kosmetikkfirma.

BLIR I FØRDE: Elde Cosmetics har etablert seg i Førde med tanke på å bli der. – Det er eit Vestlandsprodukt og vi er stolte av å produsere blant fjord og fjell, seier Eldegard.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vemund Eldegard er på mange måtar i ein eigen klasse. Han har imponert oss frå første gang vi møtte han som 17-åring, seier Hjørdis Vik, avdelingsleiar i Innovasjon Norge.

Satsar på gründerar

Innovasjon Norge er eit statleg norsk særlovselskap som skal medverke til å utvikle distrikta, auke innovasjon i næringslivet og profile norsk næringsliv og reisemålet Norge.

Siste åra har dei retta ekstra fokus på gründerane. Av 6,7 milliardar i støtta til næringslivet, gjekk nær ein fjerdedel ifølgje årsrapporten til gründerverksemd

Hjørdis Vik

INNOVASJON: Hjørdis Vik hos Innovasjon Norge seier at dei allereie i første møte med Vemund Eldegard la merke til pågangsviljen hans.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Vik seier at gründerar ofte har særeigne utfordringar.

– Så kan ein velje å snu dette, og seie at «eg har mindre pengar, mindre nettverk og litt mindre erfaring i ryggsekken. Då må eg jobbe raskare og smartare», seier ho. Det kan vere eit konkurransefortrinn for unge gründerar, seier ho og meiner det ikkje nødvendigvis treng vere eit problem å starte verksemd i ung alder.

Har ambisjonar

Det har Eldegard vist. Han har store mål for verksemda.

– Eg håpar at vi kan bli ein større produsent på den norske marknaden. Kanskje vi kjem med fleire merkevarer. Eg håpar at Elde kan vere eit alternativ til det ein finn på parfymeriet, seier 20-åringen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune